Ein person sitt i rullestol.
Foto: Johner

Eigenberedskap ved funksjonsnetsetjingar

Viss du har nedsett funksjonsevne, kan du bli annleis ramma enn andre ved ei krise. Tenk gjennom korleis ei krise vil påverke deg – og kva du kan gjere for å vere best mogleg førebudd. 


Råd ved funksjonsnedsetjing

  • Øv på krise, slik at du har ei formeining om kva utfordringar du vil stå overfor. 
  • Alle som kan, bør ha ein plan for å klare seg heime i éi veke, utan hjelp frå styresmaktene.  
  • Snakk med familie, venner, naboar, assistentar eller andre, slik at dei veit korleis dei kan hjelpe deg i ei krise. 
  • Ha eit ark med viktig informasjon om tilstanden din, viktige kontaktpersonar og korleis andre kan hjelpe deg.

Ei krise kan by på ekstra utfordringar for personar med funksjonsnedsetjing. Enkelte kan ha problem med å ta til seg mykje ny informasjon, nokre slit med å forhalde seg til mange nye menneske, og somme føler det er vanskeleg å reise til stader dei ikkje kjenner.  

For mange med ulike hjelpemiddel er heime beste stad å vere i ei krise. Der er ein kjend, og har hjelpemidla ein treng. Alle som kan, bør difor ha ein plan for å klare seg heime i éi veke, utan hjelp frå styresmaktene.  

Dersom du allereie får helsetenester frå kommunen du bur i, vil du vere blant dei første som får hjelp også i ei krise. Hugs at i ei krise kan dei som hjelper deg til vanleg, trengje lenger tid på å kome seg til bustaden din. Forhøyr deg med kommunen om kva som gjeld for deg i ei krise.  

Eigenberedskap tilpassa deg 

Ved å følgje råda om eigenberedskap for ei veke sørgjer du for at du har mykje av det du treng. Tenk likevel over om du bør å gjere eigne tilpassingar. Her er nokre spørsmål du kan stille deg sjølv for å kartleggje behova dine:  

  • Kva er du avhengig av kvar dag? Det kan til dømes vere vatn, mat, telefon og medisinar.  
  • Kva unike behov har du? Dette kan vere mellom anna hjelpemiddel til tale/kommunikasjon, kvit stokk / mobilitetsstokk, rullestol eller ein assistent.  
  • Kva alternativ har du dersom du skulle miste straum, vatn eller tilgang til internett? Dette kan til dømes vere alternative hjelpemiddel som ikkje går på straum, kommunikasjonshjelpemiddel som kan skrivast ut, eller ekstra batteri til høyreapparat.  

Ved å øve på ei hending som til dømes eit langvarig straumbrot, kan du gjere deg opp ei meining om kva som vil bli utfordringane ved ei reell krise, og korleis du kan handtere desse. Ei øving kan gjerast så enkel som ein sjølv ønskjer. Berre med det å tenkje gjennom korleis ein dag utan straum vil fortone seg, kan du finne fleire ting som kan forbetrast. Skriv ned.  

Be om hjelp 

Snakk med familie, venner, naboar, assistentar eller andre personar i livet ditt om korleis ei krise vil påverke deg, og kva du treng hjelp til. Ved straumbrot kan mobilnettet bli utilgjengeleg allereie etter eit par timar. Det er difor viktig at du ikkje ventar med å be om hjelp. 

I tillegg kan det vere lurt å informere naboar og styret i burettslaget/sameiget dersom du veit at du får ekstra utfordringar ved lengre straumutfall eller dersom bustaden din må evakuerast. 

Viss du har vanskar med å kommunisere, kan det vere lurt å ha eit ark med ei beskriving av tilstanden din og kva du treng hjelp til. Dette vil gjere det enklare for både naudetatane og andre rundt deg å forstå behova dine og korleis dei kan hjelpe.  

Fare for liv og helse 

Ved akutt fare for liv og helse ringjer du naudnumra 110, 112 og 113, eller nyttar 1412 for naudsamtalar via teksttelefon. Ver merksam på at det ved store kriser kan vere sprengt kapasitet, slik at det vil ta lenger tid enn vanleg å få hjelp.  

Naud-SMS er ei teneste som gjer det mogleg for deg som er døv, høyrselshemma eller talehemma å kontakte naudnumra via SMS (tekstmelding). For å bruke tenesta må du første registrere nummeret på www.nodsms.no.  

Video med tale, tekst og teiknspråk

Vi tror dette er interessant for deg