Foto: Simen Prestaasen/DSB

Informasjon og kommunikasjon i kriser

I kriser er det viktig at du får informasjon frå styresmaktene om kva som skjer, og kva du bør gjere. Førebu deg difor på korleis du skal få informasjon dersom straumnett, mobilnett eller internett sluttar å fungere. 


Råd om informasjon i kriser

  • Ha ein DAB-radio som fungerer sjølv om straumen blir borte. Det finst ulike variantar som går på batteri eller ladast med solceller eller sveiv.    
  • Ha ein batteribank som du ladar opp jamleg.   
  • Ha ei liste på papir med viktige telefonnummer dersom du må låne telefon med nokon.  
  • Sjekk med kommunen din om dei har møteplassar eller andre ordningar der du kan få informasjon dersom straum og telekommunikasjon er nede.  

Krisesituasjonar er uoversiktlege, og informasjonen du får, påverkar vala du tek. I ei krise bør du søkje informasjon frå statlege kanalar og redaktørstyrte journalistiske medium som er underlagde «Ver varsam»-plakaten og redaktørplakaten. NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre informasjon til publikum også i situasjonar der andre nyheitsmedium og offentlege nettstader er utilgjengelege.  

Pass på at informasjonen du får – og deler vidare – er til å stole på. Les meir om kjeldekritikk.

Praktiske råd dersom internett eller mobilnett er nede  

Dersom du har bil, kan du både høyre på radio og lade mobiltelefonen i bilen så lenge han har straum eller drivstoff.    

Sjekk om du kan aktivere tale over Wi-Fi på telefonen. Då kan du ringje sjølv om mobilnettet er nede – så lenge du har tilgang til internett. Enkelte appar på telefonen kan også kommunisere over internett sjølv om mobilnettet er nede.    

Sjekk om familie eller naboar har abonnement hos andre mobilnett enn deg. Då kan de hjelpe kvarandre dersom berre eitt av netta er nede.  

Vi tror dette er interessant for deg