Lag ein nødplakat til hytta

Mange hytter manglar presise adresser. Med ein nødplakat sender du redningsmannskapa til rett stad dersom uhellet skulle vere ute.


På nettsidene til Statens kartverk kan du lage din eigen nødplakat, som kan henge godt synleg på hytta. På plakaten ser du hytta sin geografiske posisjon i eit kartutsnitt med GPS-koordinatar. Dermed kan du føre redningsmannskapa rett til hyttedøra.

Redningsmannskap opplever stadig at folk i akutt nød ikkje klarar å skildre godt nok kor dei oppheld seg. Feil eller unøyaktige vegskildringar kan forseinke redningsmannskapa og få store konsekvensar.

Vi tror dette er interessant for deg