Trygg kos med levande lys

Omtrent kvar fjerde brann startar med open eld. Følg denne hugselista og unngå dei vanlegaste feila ved bruk av levande lys.


Styr unna brannfarleg pynt

Levande lys og brennbare materiale er ein farleg kombinasjon. Mose, drivved, kvistar, kongler, hyssing og andre tørre naturmateriale tek fort fyr og brenn godt. Lag derfor aldri dekorasjonar der slike materiale blir sette i nærleiken av levande lys. Skal du pynte eit bord, set gjerne lyset i eit eige glas eller i ei lykt med god lufting. Då står lyset stødig og kjem ikkje så lett borti brennbare materiale.

Vel brannsikkert underlag

Skal du lage lysestakar og lysdekorasjonar sjølv, sørg for at stearinlyset står støtt og på materiale som ikkje kan ta fyr. Brannsikre materiale kan til dømes vere metall, porselen, sand eller stein. Set aldri tente lys direkte på duken, på treplater eller anna som byrje å brenne.

Hald avstand

Dersom du skal tenne fleire lys, sørg for at dei ikkje står for tett. Ein avstand på rundt 10 centimeter er nok til at lysa ikkje smeltar kvarandre. Dette gjeld også telys. Tenner du fleire telys ved sida av kvarandre, kan stearinen eller voksen i lysa bli for varm, slik at lyset byrjar å renne kraftig eller kan flamme opp.

Lykter, glas og figurar som skal huse tente lys, må også ha god lufting. Elles kan stearinen bli for varm og ta fyr.

Ikkje gå frå levande lys

Lys kan brenne ned fortare enn du trur på grunn av trekk eller feil med lyset. Lyshaldarar kan også sprekke og lyset falle ned. Ein brann kjem fort ut av kontroll. Sørg derfor for å vere til stades i rom der det er tente lys, slik at du oppdagar eit eventuelt branntilløp tidleg.

Hugseliste for bruk av levande lys:

  • Gå aldri frå levande lys. Den som tenner lyset, bør ha ansvar for å sløkkje det.
  • Bruk aldri brennbare lysestakar eller lyspynt som er laga av brennbare materiale.
  • Plasser lyset med god avstand til brennbare gjenstandar.
  • Bruk brannsikkert underlag.
  • Ikkje set fleire tente lys saman. Lys som blir plassert nær kvarandre, kan smelte og ta fyr. 
  • Ikkje tenn lys i nærleiken av trekk.

Vi tror dette er interessant for deg