Hva gjer du når det brenn?

Redde-varsle-sløkkje er ein enkel hugseregel for kva du skal gjere dersom det brenn.


Redde

Dersom du er den som oppdagar brann, sørg for å varsle dei andre i bustaden. Rop "Brann! Brann!". Hjelp kvarandre slik at alle kjem seg ut i tryggleik. Møt opp på ein avtalt møtestad slik at de raskt får oversikt over at alle er ute.

Varsle

Varsle brannvesenet på naudnummer 110. Oppgje nøyaktig adresse. Følg instruksane frå brannvesenet. Ikkje legg på før du får melding om at det er greitt.

Sløkkje

Dersom brannen ikkje har vorte større enn at det er mogleg å sløkkje han, forsøk å sløkkje med husbrannslange eller brannsløkkjeapparat. Dersom brannen utviklar seg raskt, overlat jobben til brannvesenet. Hugs at røyken er svært giftig.

Du må sjølv avgjere rekkjefølgja på desse punkta ut frå den aktuelle situasjonen. Du må likevel alltid sørgje for å tilkalle hjelp.

Vi tror dette er interessant for deg