Slik sikrar du deg mot lyn

Lynnedslag kan skade elektriske apparat og i verste fall starte ein brann. Følg desse råda så er du betre førebudd dersom uvêret kjem.


Lynnedslag kan gje overspenningar i det elektriske anlegget. Då blir spenninga høgare enn det anlegget er berekna for. Dette kan øydeleggje elektrisk ustyr eller starte brann. Utstyr kan også svekkjast av lyn slik at skadar først oppstår etter nokre veker. Elektronisk utstyr er spesielt utsett, men også varmtvassbehaldar, kjøleskap og frysar får fort skadar.

Installer overspenningsvern

Eit overspenningsvern leier overspenningane vekk frå anlegget og reduserer faren for at elektrisk utstyr blir skadd ved lynnedslag eller forstyrringar i e-verket sitt nett. Overspenningsvern blir ofte delt inn i to typar vern; grovvern og finvern.

Grovvern bruker ein ofte som nemning på den typen overspenningsvern som blir montert i sikringsskapet. I elektriske anlegg installert etter 1. juli 2010 er det krav til denne typen overspenningsvern. Sjå etter informasjon om dette i sikringsskapet. Du kan også kontakte ein elektrikar for å sjekke dersom du er usikker. Har du eldre anlegg, bør du kontakte ein elektrikar for å få installert grovvern.

Finvern for ekstra tryggleik

Som ei ekstra forsikring mot overspenning kan du også bruke såkalla finvern. Dette pluggar ein direkte i kontaktane der du koplar til apparat som er ekstra utsette, til dømes TV og PC. Sjekk at det vernet som kan pluggast, er tilpassa norske forhold på 375V.

Trekk ut støpsla

Når støpsla ikkje er plugga i kontakten, er du garantert at elektriske apparat ikkje blir øydelagde som følgje av overspenningar. Dersom uvêret er langvarig eller du skal på ferie, bør du sjølvsagt ikkje trekke ut støpsel til kjøleskap og frysar.

Trekk ut nettverks- og antennekablar

Overspenning finn også vegen gjennom kablar til TV, fasttelefon og internett. Derfor bør du trekkje ut desse kablane for å unngå skadar på utstyret når det lyner. 

Vi tror dette er interessant for deg