God hygiene om vatnet forsvinn

Dårleg hygiene kan føre til smitte og sjukdomar. Dersom du ikkje har vatn i springen, blir personleg hygiene og reinhald straks meir utfordrande. Med litt planlegging kan du likevel bevare god hygiene også ved kriser.


Råd om god hygiene

  • Ha våtserviettar, handsprit og eingongshanskar heime.   
  • Ha ekstra toalettpapir og avfallsposar.  
  • Ved behov for bleier, menstruasjons- eller sanitetsprodukt bør du ha eit ekstra lager med dette. 

Tilgang på vatn er noko vi i dag nærmast tek for gitt. Vi vaskar hendene fleire gongar om dagen, og ein dusj kvar dag er også ei sjølvfølgje for mange. Men kva dersom vatnet blir vekke i ein lengre periode?  

Utan tilgang på vatn kan personleg hygiene fort bli ei utfordring. Dårleg hygiene dannar grobotn for smitte og sjukdomar. Ha difor ein plan i bakhand – spesielt med tanke på mat og matlaging. 

Dersom vatnet blir vekke i ein lengre periode 

God handvask er viktig for å unngå sjukdom og bakteriar. Ver difor nøye med personleg hygiene – spesielt etter toalettbesøk og før matlaging. 

Ha det reint og ryddig heime. Ved å vere nøye med å kaste søppel og matrestar kan du unngå problem med bakteriar og skadedyr. 

Dersom du ikkje kan bruke toalettet, kan du lage eit nødtoalett ved å træ ein dobbel bærepose rundt toalettsetet eller bruke ei bøtte. Bereposane kan knytast att med dobbel knute og kastast som vanleg restavfall.    

Vatn frå varmtvassbehaldaren og andre kjelder 

Ved ei krise er det mogleg å nytte vatn frå varmtvassbehaldaren i bustaden. Trekk ut støpselet før du tappar vatn frå dreneringskranen i botnen av behaldaren, og hugs at dette vatnet ikkje bør drikkast.   

Du kan også vurdere å samle vatn frå tak, elvar eller ferskvatn og bruke det til mellom anna reingjering eller kroppsvask. Ved atomnedfall eller kjemiske utslepp kan dette vatnet vere sterkt forureina og utrygt å bruke. Søk difor først informasjon frå styresmaktene.   

Vi tror dette er interessant for deg