Desse rømningsvegane må du ha

Åtte av ti dødsbrannar skjer i eigen bustad. Med fleire rømmingsvegar er sjansen større for å redde seg ut i live.


Hovudkravet er at alle bustader skal ha minst éin rømmingsveg som fører direkte til det fri. Bustader med fleire etasjar det bur folk i, må ha alternative rømingsvegar i tillegg.

Krava til rømmingsvegar som gjeld for bustaden din kjem an på når bustaden vart bygd. Det kan vere forskjell på krava som gjaldt den gongen, og krava som gjeld i dag. Det er framleis kravet frå byggjetidspunktet som gjeld.

Rømmingsvegen frå bustaden skal anten

  • føre ut til det fri eller
  • føre til ein brannsikker stad eller
  • føre til ein rømmingsveg (korridor) med to uavhengige rømmingsretningar. I praksis tyder dette at korridoren skal ende ut i det fri eller i to forskjellige trapperom som igjen fører til det fri.

Finn din type bustad i lista nedanfor og sjå kva rømmingsvegar du bør ha.

Vi tror dette er interessant for deg