Dette gjer du ved skogbrann

Oppdagar du ein skogbrann tidleg, kan du ofte sløkkje han med enkle middel.


Ni av ti skogbrannar har rot i menneskeleg aktivitet. Bålbrenning og grilling er den vanlegaste årsaka. 

Varsle raskt

I startfasen kan dei fleste skogbrannar sløkkjast med enkle middel. Alle brannar må varslast så raskt som råd til naudnummer 110

Medan du ventar på hjelp, kan du starte sløkkjearbeidet sjølv, men ikkje ta nokon sjansar. Kom deg ut av området før flammane omringar deg.

Forbod mot open eld

For å unngå å starte ein skogbrann sjølv: Hugs det generelle bålforbodet som gjeld mellom 15. april og 15. september. Dersom det er veldig tørt, kan kommunen innføre totalforbod også til andre tider.

Slik sløkkjer du skogbrann:

  1. Brekk eller hogg eit lite lauvtre på cirka to meter.
  2. Fjern kvistar nedanfrå til du sit att med ein dusk i toppen.
  3. Ikkje slå, men prøv å børste flammane tilbake.
  4. Du kan også bruke sand eller teppe for å prøve å kvele flammane.
  5. Er det vatn og bøtter tilgjengeleg, er det berre å pøse på.

Vi tror dette er interessant for deg