Dette må du vite før du tenner bål

Bålbrenning og grilling er hyggeleg både på tur og i eigen hage. Her ser du kvar og når du kan grille og brenne bål, og kva slags forholdsreglar du bør ta.


Kva er generelt bålforbod?

I Noreg må alle vise aktsemd og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Dette gjeld alle, heile tida og over alt.

I tillegg har vi eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september der det er forbode å tenne opp bål og grill i, eller i nærleiken av, skog og anna utmark. Brannvesenet kan likevel gje løyve til å tenne bål, dersom du søkjer om dette. Sjekk alltid kva reglar som gjeld for kommunen din før du tenner bål.

Stranda vil oftast reknast som utmark og vil då vere omfatta av det generelle bålforbodet. Om ein likevel ønskjer å tenne bål eller grille, må ein søkje om løyve frå kommunen.

Sjølv om det er generelt bålforbod, har du lov til å tenne bål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein brann. Det skal svært mykje nedbør til for at det opplagt ikkje kan føre til brann.

Ved brot på aktsemdsplikta eller det generelle bålforbodet kan ein straffast med bot eller fengsel.

Kan eg grille i eigen hage?

Dersom ein skal grille på område som er langt unna skog og utmark, til dømes i hagar eller på tilrettelagde grill- og bålplassar i parkar, gjeld den alminnelege aktsemdsplikta. Dette inneber at du må vere forsiktig, ansvarsfull og bålet må vere fullstendig sløkt før du forlèt staden.

Dersom du bruker eingongsgrill, må du hugse å vurdere brannfaren mot underlaget. Under eingongsgrillen blir det varmt, og underlaget kan fort ta fyr eller bli skadd av varmen. Set aldri grillen direkte på bakken.

Er det lov med bål på sankthans?

Du må søkje brannvesenet i kommunen din om å få løyve til å tenne opp sankthansbål. Brannvesenet vil i vurderinga si blant anna sjå på kvar det blir søkt om å få tenne bål, brannfaren og vêrforholda. Brannvesenet kan setje vilkår for løyvet. Den som søkjer om å få tenne bål, må sjølvsagt også ha avklart med grunneigar at det kan tennast bål.

Tips til trygg bålbrenning:

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold.
  • Det er alltid den som brenner bål som har ansvaret for branntryggleiken.
  • Det bør vere ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet.
  • Bålet må vere i god avstand frå busetnad og vegetasjon.
  • Det er ikkje lov å brenne bål på svaberg.
  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkkje ved behov.
  • Ha eigna sløkkjemiddel lett tilgjengeleg.
  • Det er forbode å brenne plast, bygningsmateriale og anna søppel.
  • Når du forlèt bålplassen, skal bålet vere heilt sløkt.

På skogbrannindeksen til yr.no kan du sjå om det er fare for skogbrann der du bur.

Vi tror dette er interessant for deg