Dette gjer du ved pipebrann

Steng ventilar og luker til skorsteinen. Bruk vatn eller brannsløkkjeapparat dersom brannen spreier seg til huset rundt pipa. Sløkking av sjølve pipebrannen bør du overlate til brannvesenet, men dersom dei er langt unna, kan du prøve å dempe brannen med eit pulverapparat medan du ventar.


Steng ventilar og luker

Dersom du oppdagar pipebrann, må du stengje alle omnsventilar og luker som fører til skorsteinen. Dersom det ikkje er fyr i peisen, kan du også stengje peisspjeldet. Er det fyr i peisen, må du ikkje stengje spjeldet. Då vil røyken kome inn i rommet.

Unngå spreiing

Ved etasjeskilja kjem treverk og anna brennbart materiale inntil pipa. Når det brenn i pipa, kan dette ta fyr. Ver derfor ekstra merksam på røykutvikling ved etasjeskilja og hald godt auge med loft og kjellar. Dersom du oppdagar at brannen spreier seg i etasjeskilja, kan du prøve å sløkkje med vatn eller brannsløkkjeapparat.

Sløkkje pipebrann

Sløkkinga av pipebrann bør du overlate til brannvesenet. Ring naudnummer 110. Dersom du er på hytta eller det er langt til næraste brannvesen, kan du prøve å dempe brannen med eit pulverapparat medan du ventar. Opne forsiktig sotluka i botnen av skorsteinen og styr slangen frå apparatet inn i skorsteinen. Trykk inn utløysaren, men la det berre kome ut litt pulver. Lukk att luka. Gjenta dette dersom brannen tek seg opp att.

Slik bruker du pulverapparat på pipebrann:

  1. Opne forsiktig sotluka.
  2. Styr slangen inn i skorsteinen.
  3. Trykk på utløysaren i nokre sekund.
  4. Lukk att luka.
  5. Gjenta dersom brannen tek seg opp att.

Evakuer i tide

Hugs at du ikkje må setje deg sjølv i fare. Du må alltid evakuere før det blir farleg å opphalde seg inne.

Etter brannen må skorsteinen kontrollerast av brann- og feiarvesenet.

Vi tror dette er interessant for deg