Ta kjøkenpraten for betre branntryggleik

Eldre menneske har større risiko for å omkome i brann. Ta den viktige kjøkenpraten; ein prat om kva brannfeller som finst i heimen, og kva ein skal gjere dersom uhellet er ute.


Risiko aukar med alder

Personar over 70 år har fire til fem gongar høgare risiko for å omkome i brann som resten av befolkninga. Samtidig blir det fleire eldre, og dei bur heime lenger enn før. God brannberedskap reddar liv, og det er ofte ikkje så mykje som skal til.

Ta kjøkenpraten

Ein prat om brannfarar i heimen og enkle brannførebyggjande tiltak kan gjere forskjellen på liv og død. Her er nokre tema det kan vere lurt å snakke om. Vi har også laga ei sjekkliste med enkle tiltak du som pårørande kan gjere etter praten.

Pass på komfyren

Komfyren er den desidert største årsaka til bustadbrann. Det er fort gjort å gløyme eller sovne frå ein kjele på kokeplata. Snakk om kor viktig det er å vere til stades når ein lagar mat.

Kva situasjonar utgjer den største risikoen? Kanskje finst det alternativ til å bruke komfyren? Sjekk også om det er installert komfyrvakt. Ei komfyrvakt kuttar straumen til komfyren dersom ei plate blir for varm. Det hindrar tørrkoking, overoppheting og andre farlege situasjonar som kan føre til brann.

>> Les også: Dette bør du vite om komfyrvakt

Gryteklutar, kjøkenhandklede, aviser og anna som blir oppbevart rundt komfyren, kan fort ta fyr og føre til at flammane spreier seg raskt. Flammar som treffer ei kjøkkenvifte full av feitt, spreier seg endå raskare. Ta ein prat om rydding og reinhald rundt komfyren.

Er det behov for andre oppbevaringsløysingar som alternativ til å bruke komfyren som lagringsplass? Det kan vere ein idé at familie og pårørande byter på å sjekke kjøkenvifta og reingjere denne ved behov.

Sjekk elektriske produkt

Komfyren er ein brannversting, men også andre elektriske produkt kan vere brannfarlege dersom ein bruker dei feil. Hør med bebuaren kva slags vanar han eller ho har rundt bruk av elektriske omnar og andre elektriske produkt. Panelomnar og stråleomnar som blir dekte til eller støvar ned, kan lett ta fyr.

Apparat som bruker mykje straum (over 1000 watt) skal ikkje koplast til med skøyteleidning. Det kan gje overbelastning på skøyteleidningen, som blir for varm og kan starte ein brann.

Lytt etter røykvarslaren

Tidleg varsling aukar sjansen for å redde seg ut i tide. Sørg for at bustaden har røykvarslarar som fungerer. Test at bebuarane kan høyre varslinga - også frå soverommet. Hugs også å teste røykvarslaren éin gong i månaden, og byt batteri éin gong i året. Dersom bebuaren ikkje høyrer røykvarslaren, sjekk med Hjelpemiddelsentralen om opning for å låne utstyr som til dømes røykvarslar med lys eller vibrering.

Ta også ein prat om korleis ein skal redde seg ut dersom røykvarslaren hyler. Sørg for at rømmingsvegane ikkje er blokkerte av møblar, teppe eller andre hinder. Det kan også vere lurt å gjennomføre ei brannøving – øving gjer meister, også når det gjeld evakuering.

Prøveløft sløkkjeutstyret

Kva gjer ein når ein oppdagar ein brann? Det kan det vere lurt å ha tenkt og snakka igjennom. Sørg for at bustaden har sløkkjeutstyr som bebuaren klarer å bruke. Alle bustader skal ha sløkkjeutstyr i form av husbrannslange eller brannsløkkjeapparat. Dersom brannsløkkingsapparatet er for tungt, kan det vere lurt å ha eit brannteppe eller sløkkjespray i tillegg. Hugs likevel at det viktigaste er å redde seg ut i tide.

Unngå open flamme

Det finst mange lysmansjettar og dekorasjonar med stearinlys, men det skal ikkje så mykje til før det blir eit lite bål. Snakk om farane ved bruk av levande lys, spesielt saman med andre materiale som lett kan ta fyr. Det finst fleire meir brannsikre alternativ til levande lys, til dømes batteridrivne bordlys.

Pass opp for sigarettglør

Glør frå sigarettar utgjer ein stor brannrisiko. Dersom nokon eldre du kjenner, røykjer, spør kvar og når dei røykjer når dei er heime. Kanskje er det tiltak som kan gjere brannfaren mindre? Eksempelvis er det stor forskjell på risikoen ved å røykje utandørs og det å røykje på senga. Eit brannteppe kan også bidra til å redusere risikoen for brannutvikling som følgje av røyking.

Sjekkliste for kjøkenpraten

Medvit rundt brannfarar og gode vanar førebyggjer mange brannar. Til deg som pårørande har vi også laga ei sjekkliste med dei viktigaste brannførebyggjande tiltaka, til bruk under kjøkenpraten.

Under kjøkenpraten bør de snakke om

  • matlaging og branntryggleik på kjøkenet
  • trygg bruk av elektriske produkt
  • varsling og rømmingsvegar
  • sløkking av brann
  • levande lys og røyking

 Som pårørande kan du

  • installere komfyrvakt
  • reingjere filteret i kjøkenvifta over komfyren
  • passe på at gardiner, dukar, aviser og møblar er i god avstand frå panelomnar
  • sjekke at røykvarslaren fungerer og kan høyrast overalt i bustaden
  • sørgje for sløkkjeutstyr som bebuaren klarer å bruke
  • rydde unna lysmansjettar, brannfarlege lysdekorasjonar og ustødige lysestakar
  • leggje til rette for at røyking kan skje utan fare for brann

Vi tror dette er interessant for deg