Kva er ein alternativ rømningsveg?

Det skal vere mogleg å rømme frå brann frå alle plan og etasjar der folk bur eller oppheld seg. Sjå korleis du kan rømme frå andre etasje eller frå kjellaren.


Hovudkravet er at alle bustader skal ha minst éin rømmingsveg som fører direkte til det fri. Bustader med fleire etasjar som det bur folk i, må ha alternative rømmingsvegar i tillegg. Her er ulike alternative rømmingsvegar og kva krav som gjeld til desse.

Gjennom vindauge

Dersom det er mindre enn 5 meter ned til bakken, kan du bruke vindauge eller balkong som rømmingsveg. Opninga i vindauget må vere minst 0,5 meter brei og minst 0,6 meter høg. Summen av breidd og høgd skal vere minst 1,5 meter. Vindauget bør ikkje vere takvindauge. For kvar etasje skal minimum annakvart rom ha rømmingsvindauge.

Brannstige

Monterer du brannstige med ryggbøyle - eit slags bur rundt stigen som sikrar at du ikkje ramlar bakover - kan du bruke vindauge som ligg til og med 7,5 meter over bakken som rømmingsveg.

Monter stigen minst to meter frå vindauge i etasjen under. Dersom det brenn i etasjen under, vil det vere umogleg å bruke stigen dersom han er montert for nær vindauget. Dersom du må ha stigen nærare enn minimumsavstanden, må du setje opp flammeskjerm som beskyttar stigen ved brann.

Rømmingsveg frå kjellaren

Du kan rømme frå kjellaren via dør i kjellarvegg som leier direkte ut til det fri. Eit kjellarvindauge pluss ei kjellartrapp opp til første etasje, med utgang vidare ut på bakkeplan er også ei mogleg løysing. Vindauget må då vere minst 0,5 meter breitt og minst 0,6 meter høgt. Summen av breidd og høgd skal vere minst 1,5 meter. 

Du kan ha andre mål på rømmingsvindauge frå kjellar som er godkjent etter eldre bygningsreglar - sjekk med kommunen kva reglar som gjaldt på oppføringstidspunktet.

Skal du bruke kjellarvindauge som rømmingsveg, må det ikkje vere fare for at snø kan tette att vindauget frå utsida. Monter eventuelt varmekablar for å unngå denne risikoen.

Vindauget må vere lett å nå opp til frå innsida, og lett å kome ut av. Hugs at vindauge som ein opnar ved å løfte oppover, kan vere vanskelege å rømme gjennom. Kjellarvindauge som blir brukte som rømmingsveg, må ikkje leie ut til rom eller sjakter som er vanskelege å klatre vidare ut av.

Vi tror dette er interessant for deg