Hugs røykvarslaren på hytta

Visste du at det er same krav til branntryggleik i hytter som i vanlege bustader? Her er krava og sjekklista for god branntryggleik på hytta.


Dei siste ti åra har til saman 25 personar mista livet i brannar i hytter og fritidsbustader. Bruk av open eld og elektrisitet er dei vanlegaste årsakene til brann på hytta.

Hugs nytt batteri

Dei fleste brannar startar om natta. Ein røykvarslar som fungerer, er ei rimeleg forsikring for å kome seg ut i tide. Det skal vere brannalarmanlegg eller røykvarslar(ar) i alle bustader, hytter og fritidseigedomar. Det skal vere minst ein røykvarslar i kvar etasje. Han skal dekkje kjøken, stove, soner utanfor soverom og sona utanfor teknisk rom. Det kan ikkje vere ei dør mellom rommet der røykvarslaren heng og området som skal dekkjast. Dersom du til dømes har røykvarslaren i stova og du har dør inn til kjøkenet, må du også ha ein røykvarslar der.

Du skal kunne høyre alarmen tydeleg på opphaldsrom og på soverom når dørene mellom romma er lukka. Sjekk røykvarslarane med jamne mellomrom. Gjer det til ein hugseregel å ta med nytt batteri når du handlar til ferien.

Slurvar med brannsikringa

I ei undersøking frå 2011 svarte åtte prosent av hytteeigarar at dei ikkje hadde røykvarslar på hytta. Ein av tre hadde ikkje bytt batteri i røykvarslaren det siste året. Dette vil i praksis seie at 150 000 hytter kan vere utan røykvarslar som fungerer. 

Lag ein naudplakat

Kvart år rykkjer brannvesenet ut til mellom 100 og 150 hyttebrannar. Lag ein naudplakat for hytta så er du betre førebudd til å forklare redningsmannskapa vegen til der du er.

Sjekkliste for god branntryggleik på hytta

  • Sørg for at hytta har røykvarslar og brannsløkkingsutstyr.
  • Sjekk at røykvarslaren fungerer og at han kan høyrast på alle soverom og opphaldsrom, også når dørene er lukka.
  • Kontroller at sløkkjemiddel som brannslange eller brannsløkkjeapparat er lett tilgjengeleg.
  • Sørg for at rømmingsvegar er lett tilgjengelege og fri for snø.
  • Gå aldri frå levande lys eller flyttbare elektriske omnar i bruk.

Vi tror dette er interessant for deg