Vel trygge refleksar

Refleksar finst i mange variantar, men ikkje alle fungerer like godt. Vel ein refleks som er merkt og testa. Då kan du vere trygg på at du synest i mørket.


Sjå etter CE-merket

Alle typar lause refleksar som du kan hengje, feste eller klistre på klede, skal vere testa og CE-merkte. Dersom refleksen ikkje er CE-merkt, kan du risikere at han ikkje reflekterer lys godt nok. Då vil ikkje bilistane sjå han i mørkeret. Refleksar skal også vere merkte med kven som har produsert eller importert dei.

Ta lystesten

Refleksar er forbruksvare og må bytast ut når dei er slitne. Ein tommelfingerregel er at refleksar har ei levetid på 1-3 år. Er du usikker på om refleksen har slutta å verke, kan du gjere ein enkel test med ei lommelykt i eit mørkt rom. Heng refleksen i augehøgd og lys på han frå minst 4 meters avstand. Dersom refleksen ikkje reflekterer lyset – kast han!

Refleksar skal vere

  • CE-merkte
  • testa i samsvar med standard NS-EN 13353
  • merkte med produsent eller importør