Slik held du den oppblåsbare redningsvesten ved like

Mange som ferdast på sjøen, bruker redningsvest som blæs seg opp automatisk om du ramlar i vatnet. Oppblåsbare redningvestar krev meir vedlikehald enn tradisjonelle redningsvestar. Her er lista over kva du bør sjekke for å vere sikker på at redningsvesten fungerer.


Sjekk utløysartablett og gasspatronar

Oppblåsbare redningsvestar har ein utløysartablett og ein gasspatron. I kontakt med vatn vil tabletten lage eit hol i gasspatronen, og då fyller redningvesten seg med luft. For å vere sikker på at redningsvesten fungerer, bør du sjekke denne mekanismen minst éin gong i året.

Sørg for at gasspatronen sit riktig på plass og ikkje har skrudd seg laus. Dersom du har ei presis kjøkenvekt, kan du vege patronen og kontrollere at han veg like mykje som det er opplyst at han skal. Dersom alt er i orden, skru patronen godt til att. Gasspatronar kan skru seg ut over tid. Sjekk derfor at patronen er skrudd til kvar gong før bruk. 

Sjekk at utløysartabletten ikkje er øydelagd, utgått på dato eller har vore utsett for fukt. Tabletten må skiftast ut med jamne mellomrom. Kor ofte tablettane må skiftast, varierer mellom ulike redningsvestar - følg instruksjonane som følgjer med frå produsenten. Produsentar tilrår som regel å skifte tabletten årleg.

Sørg for at redningsvesten held på luft

Ein oppblåsbar redningsvest som ikkje held på lufta, er ikkje til mykje hjelp. Før du startar sesongen, er det derfor lurt å sjekke at vesten er like heil. Opne trekket og bruk ei sykkelpumpe eller liknande til å blåse opp vesten. Ikkje bruk eigen pust. Det gjev fukt inne i redningsvesten.

Ein oppblåst redningsvest skal halde på luft i 24 timar. Når testen er over, tøm han fullstendig for luft før du brettar han saman og inn i trekket.

Vedlikehald av oppblåsbar redningsvest

  1. Sørg for at gasspatronen er heil, uskadd og godt skrudd til.
  2. Sjekk at utløysartabletten ikkje er øydelagd. Skift tablett ved behov. 
  3. Kontroller at sjølve redningsvesten er heil og held på luft. 
  4. Følg produsenten sine instruksjonar for riktig bruk og vedlikehald.

Instruksjonsvideoar for vedlikehald

Redningsselskapet har laga tre videoar som viser korleis du gjennomfører årleg vedlikehald av redningsvestenkorleis du sjølv kan skifte utløysartablett og gasspatron , og korleis du pakkar saman ein oppblåsbar redningsvest igjen etter ein kontroll.

Vi tror dette er interessant for deg