Slik vel du riktig solbrille

Solbriller blir delte inn i forskjellige kategoriar etter kor sterkt lys dei beskyttar mot. Nokre solbriller har så sterkt filter at dei ikkje bør brukast når du køyrer bil. Her er oversikta som hjelper deg å velje rett brille.


Vel riktig kategori

Design og passform er kanskje viktig når du skal velje solbriller, men viktigare er det at solbrilla beskyttar auga dine mot skadelege strålar. Dette krev at solbrillene har eit solfilter. Styrken på filteret avgjer kor sterk sol den beskyttar mot, og avgjer kva kategori brillene hamnar i: 

Kategori 0 er for overskya vêr.

Kategori 1 er for delvis overskya.

Kategori 2 er for normal sol.

Kategori 3 er for sterk sol.

Kategori 4 er for høgfjell og ved sjøen. Solbriller med vern i kategori 4 er ikkje eigna dersom du skal køyre bil.

Krav til solbriller

  • Alle solbriller som blir selde, skal ha med informasjon om kva vernekategori brilla har og kor sterkt lys ho beskyttar mot.
  • Solbriller skal vere CE-merkte, og det skal følgje med informasjon om kven som er produsent.
  • Dersom solbrilla kan bli skadd av reingjeringsprodukt, skal det følgje med vedlikehaldsinformasjon på norsk der dette blir forklart.