Desse stoffa er forbodne for privatpersonar

Nokre stoff og vanlege produkt kan brukast til å lage heimelaga bomber. EU har derfor bestemt at tilgangen på slike stoff skal avgrensast. Her er stoffa du som privatperson ikkje har lov til å kjøpe, bruke eller oppbevare.


Eksempel på produkt

Eit av produkta på lista over forbodne stoff er sterk sterk svovelsyre. Dette blir typisk brukt til avløpsrens eller som bassengkjemikalie. For privatpersonar er det er gode alternativ produkt både til rens av avløp og til kjemikalie for basseng.

Eit anna stoff er er sterk hydrogenperoksid. Dette blir typisk brukt av jegerar til bleiking av skalletrofe, eller til bleiking av trepanel. Eit godt alternativ for bleiking av jakttrofe er å bruke ein svakare hydrogenperoksid (12 %), men la trofeet liggje lenger.

Drivstoff med nitrometan, som til dømes blir brukt til radiostyrte modellbilar og modellfly, står også på lista. Det same gjer enkelte gjødselprodukt.

Lista med forbodne stoff er på i alt ni stoff (sjå faktaboks). Forbodet gjeld også produkt som inneheld dei nemnde stoffa over den gjevne konsentrasjonsgrensa.

Ikkje lov å ta med frå utlandet

I enkelte andre land i EU er det mogleg å få lisens til å kjøpe. Dersom du som privatperson har ein lisens til å kjøpe dei forbodne stoffa eller produkta frå eit anna land, er ikkje denne gyldig i Noreg. Forbodet mot å kjøpe, oppbevare og bruke gjeld. Det er heller ikkje lov til å bestille slike produkt på nettet.

Dersom du har eit stoff eller produkt som er forbode

Svovelsyre over 15 vektprosent og nitrometan over 16 vektprosent vart forbode for privatpersonar 6. mars 2023. Du må bruke opp stoffet eller levere det til den lokale avfallsstasjonen din før 6. juni 2023. Etter det er det forbode å ha desse stoffene.  

Dersom du allereie oppbevarer eit av dei andre nemnde stoffa eller eit produkt som inneheld meir enn tillaten mengd av stoffa på lista, skal du levere dette produktet til den lokale avfallsstasjonen din så raskt som mogleg. Det kostar ingen ting.

Desse stoffa er forbodne:

  • Hydrogenperoksid over 12 vektprosent
  • Nitrometan over 16 vektprosent (12 volumprosent)
  • Salpetersyre over 3 vektprosent
  • Svovelsyre over 15 vektprosent
  • Kaliumklorat over 40 vektprosent
  • Kaliumperklorat over 40 vektprosent
  • Natriumklorat over 40 vektprosent
  • Natriumperklorat over 40 vektprosent
  • Ammoniumnitrat med 16 vektprosent eller meir nitrogen frå ammoniumnitrat

Meld frå ved mistenkjeleg bruk eller oppbevaring

Dersom du som privatperson oppdagar noko du synest er mistenkjeleg bruk eller oppbevaring av desse stoffa, kan du melde det til Kripos viahttps://www.politiet.no/tjenester/tips-politiet/ eller ringje Nasjonalt kontaktpunkt ved Kripos på telefon 23 20 80 10.