Dette bør du vite om ståhjulingar

Ståhjulingar og ståbrett kjem i mange variantar og kan kjøpast i butikk og på nett. Her er nokre råd til deg som skal handle eit slikt produkt anten til deg sjølv eller andre.


Kjøpe på nett eller i butikk?

Mange bestiller ståhjulingar og ståbrett på nettet, ofte frå utanlandske nettbutikkar. Du treng ingen løyve eller godkjenningar for å gjere det. Hugs likevel at du som forbrukar er betre sikra dersom du kjøper produktet i ein norsk butikk. Då er det butikken som har ansvaret for at produktet er sikkert. Bestiller du frå utlandet, har du sjølv eit større ansvar.

Skal du selje eller gje bort?

Dersom du handlar eit sjølvbalanserande køyretøy utanlands for å selje eller gje bort vidare, blir du å rekne som ein importør. Då må du forsikre deg om at produktet er trygt, blant anna ved å sørgje for at det følgjer med nødvendig dokumentasjon. Du bør også tenkje på at du kan bli halden ansvarleg dersom produktet du importerer, er skuld i ei ulukke.

Kva er krava til sjølvbalanserande køyretøy?

Ved import og omsetning på den norske marknaden blir ståbrett og ståhjulingar klassifiserte som maskiner. Dette inneber at det gjennom maskinforskrifta blir stilt tryggleikskrav til produktet som produsenten skal dokumentere at er oppfylt. Produsenten skal også CE-merke produktet.

Dersom krava ikkje er oppfylte, kan det få ulike konsekvensar. Til dømes kan produktet bli stoppa av tollstyresmaktene, eller importøren kan bli nekta å selje produktet på den norske marknaden.

Statens Vegvesen stiller krav til korleis ståhjulingar skal brukast og korleis dei skal vere utstyrte.

Kven kontrollerer produkta?

Mange trur at norske styresmakter framleis kontrollerer og godkjenner alle produkt på marknaden, eller gjer kontrollar av alle som sel produkt. Slik er det ikkje, men det blir gjort marknadskontrollar, både i butikkar og hos importørar og produsentar. I tillegg har DSB som produktstyresmakt eit tett samarbeid med tollstyresmaktene om kontroll av produkt som kjem inn til landet.

Styresmaktene i forskjellige europeiske land utvekslar også informasjon om farlege produkt seg imellom. Dersom du som forbrukar opplever at eit produkt er eller kan vere farleg, bør du sende ei bekymringsmelding til DSB. På denne måten bidreg du til at farlege produkt kan lukast ut frå marknaden.

Her kan du sende inn bekymringsmelding til DSB og/eller sjå kva produkt andre har meldt inn som farlege.