Vi ønskjer deg ein sikker kvardag

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) står bak sikkerhverdag.no.


Kven er vi?

DSB skal ha oversikt over risiko og farar i samfunnet. Temaområda våre spenner breitt, frå brann og straum, via produkt og forbrukartenester, til gass og farlege stoff.

Vi arbeider også med å førebyggje ulykker, kriser og andre uønskte hendingar. Om ting likevel går gale, så skal vi sjå til at vi greier å takle det også. 

Med sikkerhverdag.no vil vi fortelje deg korleis du enkelt kan førebyggje uhell heime hos deg sjølv. Her finn du også tips til korleis du kan bli betre rusta til å takle litt større kriser og hendingar.

Saman er vi førebudde.

Kontakt oss

Vi tar gjerne i mot ris, ros og tips på e-post: sikkerhverdag@dsb.no eller telefon 33 41 25 00.

Du finn oss også på facebook.com/sikkerhverdag

Førespurnader frå media rettast til pressevakta til DSB på telefon 992 52 000.

For fagfolk og verksemder

Regelverk, publikasjonar og rettleiingar til fagfolk og verksemder finn du på dsb.no.