Dette bør du vite før du kjøper trampoline

Trampolinar blir rekna som leiker og må derfor oppfylle strenge tryggleikskrav. Slik sjekkar du at trampolinen du skal kjøpe, oppfyller krava.


Krav til tryggleik

Trampolinar meinte for heimebruk (anten inne eller ute) er definerte som leiketøy og skal frå mars 2015 oppfylle standarden NS-EN 71-14. Denne stiller ei rekkje krav for å sikre deg som forbrukar. 

Til dømes blir det stilt krav til stabiliteten og styrken til trampolinen, og til at matta skal bevare elastisiteten over tid. Sjå på merkinga eller spør i butikken om trampolinen du skal kjøpe, følgjer standarden.

Tryggleiksnett og kantpute skal følgje med

Mellomstore og store trampolinar skal leverast med tryggleiksnett og matte/polstring til vern av kanten rundt trampolinen.

Minitrampolinar skal leverast med anti-skli-føter. Til minitrampolinar treng du ikkje tryggleiksnett og kantmatte. Det er heller ikkje krav til at dette skal følgje med slike trampolinar.

Har du ein eldre trampoline utan tryggleiksnett, kan du halde fram å bruke denne, men DSB tilrår alle å nytte tryggleiksnett.

Merking og informasjon

På same måte som anna leiketøy skal også trampolinar vere CE-merkte. I tillegg skal det følgje med rettleiing til korleis du skal montere, bruke og vedlikehalde trampolinen riktig.

Tydelege åtvaringar

Trampolinen skal også vere merkt med tydelege åtvaringar. Enkelte åtvaringar skal vere på sjølve produktet, andre kan stå på emballasjen eller i rettleiinga som følgjer med.

Åtvaringsmerkinga skal svare på dette:

  • Kva er maksvekta trampolinen toler?
  • Kor ofte skal tryggleiksnettet bytast?
  • Kor stor er trampolinen når han er ferdig montert, og kor mykje fritt areal vil det krevje å plassere han sikkert?

Sjekkliste før kjøp av trampoline:

  • Det følgjer med tryggingsnett og polstring/kantmatte.
  • Trampolinen er CE-merkt.
  • Det følgjer med rettleiing til riktig montering, bruk og vedlikehald.
  • Emballasjen er tydeleg merkt med åtvaringar og informasjon om storleik på trampolinen, og krav til tryggleiksavstandar ved plassering.
  • Storleiken på trampolinen ferdig montert stemmer overeins med tilgjengeleg plass heime.

Vi tror dette er interessant for deg