Tryggleikstips for trampoline

Følg desse tryggleikstipsa for riktig montering og trygg bruk av trampolinen.


Riktig montering av trampoline:

  • Følg bruksrettleiinga når du set opp trampolinen. Spør i butikken der du kjøpte trampolinen, dersom det er noko du er usikker på.
  • Sjekk og test trampolinen etter montering. Sørg for at stroppar, feste og kantpute er riktig festa.
  • Set trampolinen på eit flatt underlag, gjerne som har noko støytdempande effekt, til dømes grasplen.
  • Ha god plass over og rundt trampolinen.
  • Fest trampolinen til underlaget dersom det er fare for at vinden kan ta tak i han.
  • Bruk tryggingsnett og polstring/kantmatte rundt trampolinen.

Riktig bruk av trampoline

  • Definer klare reglar for talet på barn samtidig på trampolinen. Det ideelle er berre éin. Til fleire som hoppar, dess større er risikoen for skadar. Dette gjeld spesielt dersom dei som hoppar, har forskjellig vekt.
  • Vaksne bør vurdere ferdigheitene til barna og følgje med når barn hoppar.
  • Dekk til trampolinen med presenning når han ikkje er i bruk. Då blir det vanskelegare for barn å bruke trampolinen utan at det er vaksne til stades.
  • Ikkje hopp på trampolinen når han er våt.
  • Salto på trampolinen kan gje alvorleg nakkeskade dersom du landar feil.

Vi tror dette er interessant for deg