Bruk og oppbevaring av små gassbehaldarar

Gassbluss, primus, skibrennar, sprayboksar og andre små gassbehaldarar bør berre brukast utandørs. Det reduserer sjansen for brann og eksplosjon.


Små gassbehaldarar inneheld brannfarlege gassar som propan, butan og liknande. Dersom det blir lekkasje, vil gassen sive ut og kan gjere lufta eksplosjonsfarleg.

Bruk utandørs

Inne i eit lukka rom kan det blir store konsekvensar dersom gass lek ut og tek fyr. Derfor bør bruk av små gassbehaldarar skje ute i det fri.

Lagre aldri i kjellaren

Korkje store eller små gassbehaldarar skal oppbevarast i kjellar eller under bakkenivå. Gassen er tyngre enn luft. Dersom gass lek ut under bakkenivå eller på ein stad utan skikkeleg lufting, vil han samle seg langs golvet. Då skal det berre ein liten gneiste til før gassen tek fyr og eksploderer.

Ei utvendig bu, skap eller garasje over bakkenivå kan vere ein eigna stad for oppbevaring av små gassbehaldarar.

Ikkje bruk sprayboks ved varme

Sprayboksar som inneheld gass som drivmiddel (aerosolbehaldarar) og sprayboksar med brannfarleg innhald bør oppbevarast på same måte som andre gassbehaldarar. Brannfarlege sprayboksar bør ikkje brukast i nærleiken av open eld, gneistar, varme overflater eller liknande.

Ikkje kast gassbehaldarar i restavfallet

Gassbehaldarar må leverast som farleg avfall. Dersom du kastar gassbehaldarar i restavfallet, kan det føra til eksplosjon og brann under avfallshandteringa. Renovasjonstenesta er ulikt organisert frå kommune til kommune. Sjekk med ditt renovasjonsselskap eller kommunen din kor du kan levere gassbehaldarar.

Vi tror dette er interessant for deg