Brannsikker på camping

Brann på campingplassen kan spreie seg raskt. Har du røykvarslar, blir du varsla tidleg dersom uhellet er ute. Med eit sløkkjeapparat og eit brannteppe aukar sjansen for at du klarer å sløkkje brannen tidleg, anten det brenn hos deg sjølv eller naboen.


Hald minst 4 meter avstand

På campingplassar bør det vere minst 4 meter avstand mellom campingvogner, bubilar og telt. 

Ein avstand på 4 meter er ikkje nok til å hindre ein brann i å spreie seg vidare. Føremålet med avstanden er å avgrense spreiinga av brannen, slik at personar nær brannen rekkjer å rømme og eventuelt bidra i sløkkjearbeidet. Dersom det er sterk vind eller vegetasjon som aukar faren for spreiing, bør du auke avstanden.

For terrassar, «spikartelt» og andre meir faste konstruksjonar kan føresegner frå plan- og bygningslova gjelde. Dette skal vere skildra i reglane for campingplassen.

Monter røykvarslar

Ved ein brann tel kvart sekund. Har du ein røykvarslar, aukar du sjansen for å redde deg ut i tide. Røykvarslarar bør monterast fast i campingvogner og bubilar. Hugs å byte batteri og teste at røykvarslaren verkar før du legg ut på tur. I telt kan du bruke ein reiserøykvarslar. Det er lurt å ha ein kniv lett tilgjengeleg i teltet, så du raskt kan skjere deg ut dersom det byrjar å brenne.

Hugs brannsløkkingsapparat

Det skal vere brannsløkkingsapparat i alle campingvogner og bubilar. Sørg for at apparatet er lett tilgjengeleg og jamleg blir halde ved like, slik at det alltid er klart til bruk dersom uhellet er ute. Eit brannteppe er eit fint tillegg som tek liten plass og effektivt kveler mindre flammar.

Hald grill og apparat utandørs

Bruk aldri open eld eller glødande kol inne i teltet eller forteltet. Ein teltduk tek fort fyr og kan gje frå seg mange giftige gassar. Grill, kokeapparat og liknande bør stå minst 1 meter frå teltduken – på utsida av teltet. Tenner du grill og gassapparat inne i teltet risikerer du ikkje berre at teltet tek fyr, men også at lufta i teltet blir så dårleg at det er fare for kveling.

Sjekk elanlegget

Elektriske anlegg og feil bruk av elektriske produkt er årsak til mange brannar årleg. Elektriske anlegg og elektrisk utstyr i campingvogner og bubilar må vere installerte i samsvar med regelverket. Det er ditt ansvar at anlegg og utstyr blir brukt som føresett. Det er ein god idé å få ein fagperson til å gjere ein kvalifisert kontroll, ettersyn og vedlikehald av det elektriske om bord, før ferieturen startar. Les også nøye campingplassen sine reglar for tilkopling og bruk av straum.

Vi tror dette er interessant for deg