Munnbind eller ansiktsmaske - slik vel du riktig

Skal du bruke munnbind eller ansiktsmaske som vern er det viktig at du vel riktig type. Her er ei oversikt over dei mest vanlege typane ansiktsvern på marknaden og kva dei vernar mot.


Medisinsk utstyr

Helsepersonell har utstyr som sikrar at dei ikkje smittar pasientar eller sjølv blir smitta av pasientane. Munnbind og verneutstyr i denne kategorien blir definert som medisinsk utstyr. Desse produkta skal vere CE-merka og produserte etter gjeldande standardar. Dei skal også ha opplysningar om vernegrad, det vil seie om det er Type I, Type II eller Type IIR:

Type I: Bør berre brukast av pasientar eller andre personar for å redusere risikoen for spreiing av infeksjonar. Type I munnbind er ikkje meint for bruk av helsepersonell i eit operasjonsrom eller i andre medisinske omgjevnader med liknande krav.

Type II: Kirurgisk munnbind.

Type IIR: Same krav som type II, men munnbindet er i tillegg sprutbestandig.

Informasjon om sikker og riktig bruk av medisinske munnbind skal vere på norsk (merking og bruksrettleiing). Medisinske munnbind er meint for eingongsbruk.

Det er Legemiddelverket som er styresmakt for medisinske munnbind.

Personleg verneutstyr

Verneutstyr i kategorien personleg verneutstyr skal verne mot risiko som kan true helse eller tryggleik til brukaren. Andedrettsvern, til dømes støvmasker eller masker som vernar mot damp frå kjemikaliar, er døme på vernemasker i kategorien personleg verneutstyr.

Krava til personleg verneutstyr er vedtekne gjennom ei eiga forskrift og harmoniserte standardar for dei enkelte produkttypane. Ei støvmaske må til dømes ha eit visst vern mot faste partiklar, medan ei maske som skal verne mot kjemikaliedamp må hindre at gass slepp igjennom.

Alle vernemasker i kategorien personleg verneutstyr skal vere CE-merka. Det skal også vere gjeve opp kva standard maska er produsert etter. I tillegg skal det følgje med skriftleg brukarinformasjon på norsk.

Det er DSB som er styresmakt for personleg verneutstyr til privat bruk, medan Arbeidstilsynet er styresmakt for profesjonell bruk.

Ikkje-medisinske munnbind/tøymunnbind

Det finst også andre typar produkt på marknaden som ikkje er medisinsk utstyr eller personleg verneutstyr. Dette kan til dømes vere masker laga av papir, eller munnbind som  er sydde av tekstil. Desse produkta er berre meinte for privat bruk.

Ikkje-medisinske munnbind/tøymunnbind kan vere fabrikkproduserte eller heimelaga, og dei kan vere laga for bruk éin eller fleire gongar (vaskbare). Vernegraden til slike masker er ukjent, men dei kan redusere dropespreiing (frå den som brukar munnbindet).

Om slike produkt skal seljast på den norske marknaden må krava i Produktkontrollova vere oppfylte. Dette vil seie at produsentar og importørar skal vurdere tryggleiken til produktet. Vidare skal dei gje deg som forbrukar tydeleg og lett tilgjengeleg informasjon som gjer deg i stand til å vurdere tryggleiken ved produktet. For ikkje-medisinske munnbind/tøymunnbind betyr dette i praksis at det skal følgje med ei tydeleg åtvaring om at produktet ikkje vernar deg mot nokon risiko, og at produktet berre er meint til privat bruk.

Det er lov til å skrive at slike produkt reduserer dropespreiing, men informasjonen som følgjer med produktet kan ikkje ha referansar til personleg verneutstyr eller medisinsk utstyr. Produktet skal ikkje ha merking som antydar noko form for verneklasse. Slike masker skal heller ikkje CE-merkast.

Den europeiske standardiseringsorganisasjonen, CEN, har laga retningslinjer for produksjon av ikkje-medisinske tøymunnbind. Dette er altså ikkje ein standard, men retningslinjer for produksjon – ei hjelp til produsentar for korleis dei kan oppfylle krava i produktkontrollova.

Om eit munnbind er laga i samsvar med CEN-rettleiinga kan produsenten merke vara med CWA 17553:2020. 

Vern mot koronavirus

God handhygiene, hostehygiene og å halde avstand er dei viktigaste smitteverntiltaka for å førebyggje smitte med covid-19.

Det viktigaste tiltaket er å leggje til rette for å kunne oppretthalde minst 1 meters avstand. Der det er ikkje er mogleg, kan bruk av munnbind redusere risiko for smitte, men vil ikkje kunne erstatte avstand som tiltak. Barn under ungdomsskolealder blir ikkje rådd til å bruke munnbind. Barn under to år skal ikkje bruke munnbind, skriv Folkehelseinstituttet.