Kjøp og bruk av oppblåsbare badeleiker

Leik og moro på stranda og i vatnet høyrer sommaren til. Det finst tallause produkt på marknaden, men ikkje alle eignar seg for små barn. Her er råda våre.


Ulike krav til ulike produkt

Dei fleste badedyr og oppblåsbare badeleiker som blir brukte på strendene i sommarsesongen, er definerte som leiketøy og skal oppfylle ei rekkje krav. Dette gjeld leiker som er meinte for bruk på grunt vatn, og som kan halde eit barn flytande eller støtte barnet i vatnet. Armringar, små bademadrassar og baderingar med diameter under 1,2 meter, er døme på slike leiker.

Badeleiker med diameter over 1,2 meter er normalt rekna for bruk på djupt vatn og reknast ikkje som leiketøy, men som sport og fritidsprodukt. Svømmeopplæringsutstyr for barn rekast heller ikkje som badeleike. Her gjeld andre krav enn for leiketøy. 

Krav og CE-merking for badeleikar til barn

Dei som produserer, importerer og sel produkta, skal sørgje for at produkta oppfyller krava i forskrifta til tryggleik og dermed er trygge å bruke. Produkta skal merkjast med CE-merket, som er produsenten sin garanti for dette.

Krava seier til dømes at badeleiker skal ha åtvaringsskilt og tydeleg merking med kva aldersgruppe dei er meinte for.

DSB og Miljødirektoratet har ansvaret for tilsyn med at forskrifta blir følgd. Det tyder at vi kan gjere marknadskontrollar og stikkprøvar, for å sjekke at produsentane oppfyller krava. Det tyder ikkje at alle produkta som finst på marknaden, er testa og godkjende av oss.

Som forbrukar må du derfor sjølv vere merksam og gjere ei vurdering før du kjøper eit slikt produkt. Det er også viktig å tenkje tryggleik under bruk.

Dette bør du passe på

Les bruksrettleiinga og vel leiker som passar til aldersgruppa, dersom du kjøper til eit barn. Oppblåsbare badeleiker er ikkje tryggleiksprodukt og skal ikkje nyttast som eit alternativ til redningsvest eller andre produkt som varetek tryggleiken.

Følg alltid med på barn som leikar med oppblåsbare badeleiker i eller i nærleiken av vatn. Barn som ikkje kan symje, bør bruke redningsvest.

Sjølv om det blir stilt krav til tryggleik og funksjonalitet både på oppblåsbare leiker og flytande fritidsartiklar, må ein hugse på at det også er ytre forhold som kan verke inn på tryggleiken. Til dømes kan vind eller straumforhold føre til at ein blir dregen utover, slik at det blir vanskeleg å kome seg i land.

Det er også viktig å hugse på at mange store badeleiker/flytande fritidsartiklar som samlar seg på stranda eller i vatnet, vil også gjere det vanskeleg å halde oversikta, både på land i og vatnet.

Sjekkliste ved kjøp:

  • Sjå etter at produktet er CE-merkt og merkt med åtvaringa «Må berre brukast på vassdjupner der barnet kan stå, og under tilsyn av ein vaksen».
  • Sjekk aldersmerkinga og vel leike etter alder dersom du skal kjøpe til barn.
  • Sjekk at luftventilen har ein stoppar/propp. Denne skal vere fastmontert på produktet.
  • Sjå om det er opplyst om vektgrenser og sørg for at oppdrifta er god nok i forhold til vekta produktet skal bere.
  • Sjå etter instruksar for sikker bruk og/eller spør forhandlar.

Hugseliste for riktig bruk:

  • Produkta er leiker og ikkje tryggleiksprodukt.
  • Les og følg bruksrettleiinga og eventuelle åtvaringsmerkingar.
  • Vurder om produktet er eigna for ditt barn, ut ifrå alder og storleik på barnet og symjeferdigheiter. Barn som ikkje kan symje, bør bruke redningsvest. 
  • Legg vekk mobilen og følg med når barna leiker.

Meld frå om manglar

Er du bekymra eller usikker på noko om merking eller bruk av produktet, bør du melde frå til utsalsstad og/eller styresmaktene.

På sida farligeprodukter.no kan du melde frå om bekymringar for ulike produkt. Her ligg det også viktig informasjon om produkt som er farlege, og som det er viktig at ein ikkje bruker. Gjer det derfor til ein vane at du sjekkar farligeprodukter.no dersom du skal handle, spesielt i utlandet, på internett eller på bruktmarknaden. Blir produktet rekna som farleg, bør du naturlegvis styre unna.