Riktig bruk av skøyteleidning

Skøyteleidningar er praktiske, men berre til mellombels og avgrensa bruk. Her er våre råd til korleis du bruker skøyteleidning riktig.


Sjekk før bruk

Sørg for at skøyteleidningen er heil og fri for skadar før du tek han i bruk. Sprø og misfarga skøyteleidningar skal kastast. Unngå å trekkje skøyteleidningar frå rom til rom, eller frå huset og ut i hagen. Då kan leidningen lett kome i klem og bli skadd. 

Sørg for barnesikra skøyteleidningar

Vel skøyteleidning med barnesikring i rom der barn oppheld seg. Stikkontaktar med barnesikring har såkalla "shutters", som sperrar/dekkjer for dei innvendige straumførande delane, slik at korkje små fingrar eller gjenstandar kan stikkast inn i hola. Deksla har ofte ein kontrastfarge slik at det skal vere lett å sjå at dei er lukka. Når ein plugg blir sett inn i stikkontakten og ein trykkjer jamt på begge sperrene samtidig, så skyver ein sperrene til side slik at pluggen kan setjast heilt inn. 

Bruk riktig lengd

Bruk ein skøyteleidning som er passe lang for føremålet. Unngå å kople fleire skøyteleidningar etter kvarandre. Dersom du bruker ein skøyteleidningstrommel, sørg for å trekkje ut heile leidningen, sjølv om du berre treng ein liten del av han. Leidningar som ligg kveila i mange "rundar", kan gjere leidningen varm og auke faren for brann. Unngå også støvsamlande leidningsklasar bak sofaer og andre møblar. Støvlag aukar temperaturen i leidningen og i kontakten.

Unngå overbelastning

Apparat som bruker mykje straum, krev leidningar som er tilpassa "mengda" straum som skal passere. Bruker du skøyteleidning her, kan du risikere at dimensjonane ikkje er kraftige nok. Då kan skøyteleidningen bli for varm og byrje å brenne. Ein tommelfingerregel er at apparat som bruker over 1000 watt, ikkje bør koplast til med skøyteleidning over lengre tid. Panelomnar, flyttbare oljeomnar, tørketromlar og vaskemaskiner er døme på slike apparat. Dess meir strøm eit apparat bruker, dess kortare tid bør det vere kopla til med skøyteleidning.

Utvid anlegget

Dersom du stadig må hente fram skøyteleidningar eller dei blir ståande kopla til permanent, så tyder det på at anlegget ditt ikkje møter behova dine. Ta kontakt med elektrikar slik at du kan få lagt opp dei stikkontaktane du treng. 

Slik bruker du skøyteleidning riktig:

  • Sørg for at skøyteleidningen er heil og fri for skadar.
  • Pass på at leidningen ikkje kjem i klem.
  • Bruk ein leidning som er passe lang - unngå leidningskveilar og seriekopling.
  • Unngå bruk av skøyteleidning på apparat som bruker mykje straum.
  • Hugs at skøyteleidningar er til mellombels og avgrensa bruk.