Unngå augeskadar på nyttårsaftan

Dei siste fem åra har i snitt 14 personar kvart år fått augeskadar etter bruk av fyrverkeri på nyttårsaftan. Følgjer du desse enkle råda, legg du til rette for ei sikker og skadefri nyttårsfeiring for store og små.


Beskytt auga

Auge og ansikt er spesielt utsette for skadar, så bruk vernebriller. Hugs også vernebriller til små og store som skal vere i nærleiken av fyrverkeri. Dei fleste fyrverkeriutsal deler ut vernebriller gratis eller sel dei for ein rimeleg penge.

Ikkje gje fyrverkeri til barn

Fyrverkeri er eksplosiv og sjølv små mengder er nok til å gje livsvarige skadar. Mange barn leitar etter restar av fyrverkeri første nyttårsdag. Hugs derfor å rydde opp etter deg dersom du har skote opp fyrverkeri, slik at ingen finn og skadar seg på det du har late liggje att.

Under oppskyting av fyrverkeri er det ditt ansvar som vaksen at barn og unge held trygg avstand. Det er ikkje berre uforsvarleg, men også forbode å overlate fyrverkeri til mindreårige.

Det er 18 års aldersgrense for kjøp og bruk av fyrverkeri. Barn kan bruke stjerneskot dersom vaksne passar på at det blir brukt riktig. Hugs vernebriller. Ein liten gneiste kan gje alvorleg augeskade.

Slik bruker du fyrverkeri riktig:

  • Sørg for at bakkebatteriet står trygt og støtt, pakk gjerne rundt med snø dersom det finst.
  • Les bruksrettleiinga og følg råda for sikker avstand ved oppskyting.
  • Bruk vernebriller for å unngå augeskadar.
  • Tenn aldri lunta to gonger. Dersom ho ikkje tenner første gong, vent 30 minutt, dynk med vatn og lever tilbake til forhandlar.

 Slik bruker du stjerneskot riktig:

  • Stjerneskot skal berre brukast ute.
  • Ikkje bunt fleire stjerneskot saman – då kan det bli store flammar som slår tilbake i handa.
  • Hald det på strak arm, i god avstand frå andre menneske.
  • Ikkje vift framfor ditt eige eller andre sitt ansikt.
  • Bruk vernebriller for å unngå gneistar i auga.

Vi tror dette er interessant for deg