Derfor skal du ikkje tenne på fyrverkeri to gonger

Fyrverkeri skal berre tennast på éin gong. Prøver du igjen, kan eksplosiva bli tende på før du rekk å komme deg unna.


Sjølv om lunta ser ut til å ha blitt sløkt, kan det vere ei lita glo som framleis brenn. Fyrverkeri som ikkje blir tent ved første forsøk, bør derfor stå i 30 minutt og dynkast grundig i vatn før det blir fjerna. Deretter skal det oppbevarast på ein trygg stad inntil det blir levert tilbake til forhandlaren.

Pass på hurtiglunta

Lunta på utsida av fyrverkeriet brenn sakte, slik at du skal ha tid til å komme deg på trygg avstand. Inne i fyrverkeriet er det ei hurtigbrennande lunte. Når denne tar fyr, er det berre snakk om nokre tiandels sekund før eksplosiva blir tende. Dersom du tenner på ei kort, halvbrend lunte, risikerer du å setje fyr på hurtiglunta samtidig. Dermed kan fyrverkeriet eksplodere før du rekk å komme deg unna. Det kan gi store brann- og røyskader.

Lever tilbake til forhandlaren

Fyrverkeri som ikkje var mogleg å tenne, skal leverast tilbake til forhandlaren – ikkje kastast i søppelet. Mange born brukar nyttårsdagen til å samle opp fyrverkerirestar. Derfor bør ikkje ubrunne fyrverkeri bli ståande til dagen etter. Fyrverkeriet skal oppbevarast på ein trygg plass inntil det blir levert tilbake.

Vi tror dette er interessant for deg