Unngå skadar når du klipper graset

Blant hagereiskapar er det motorgrasklipparar som oftast er involverte i ulukker. Kuttskadar og skadar etter gjenstandar som blir kasta ut av klipparen i høg fart, er dei mest vanlege. Her er nokre råd for grasklipping utan skadar.


Bruk solide sko

Typiske grasklipparskadar er skadar på fingrar eller tær etter kontakt med knivane under klipparen. For å unngå skadar, sørg for at grasklipparen er i god stand og at tryggleiksinnretningar er på plass før du startar. Klipp aldri graset barbeint. Bruk solide sko som beskyttar tær og føter.

Rydd plenen

Knivane under grasklipparen roterer i høg fart. Køyrer du over lause gjenstandar på plenen, kan desse bli kasta ut med stor kraft og gje alvorlege skadar, spesielt dersom dei treffer i auga. Sjå derfor over området du skal klippe på førehand, og fjern leiker, steinar og kvistar og liknande. Dersom du treffer ein gjenstand medan du klipper, slå av motoren og sjekk at grasklipparen ikkje er skadd før du held fram.

Hald barn på avstand

Mange barn vil gjerne bidra i hagearbeidet, men grasklipping bør bør berre vaksne drive med. Hald barn på trygg avstand. Då unngår du at dei skadar seg på sjølve grasklipparen og at dei får steinar eller anna i auga. Har du traktorgrasklippar, er det spesielt viktig å halde god avstand. Barn bør heller ikkje sitje på medan du køyrer.

Fyll bensin når motoren er kald

Om du har ein bensinklippar – fyll bensin når motoren er kald. Dersom du går tom for bensin undervegs, ta deg ein pause medan motoren kjøler seg ned. Du bør ikkje fylle bensin når motoren er varm. Slå alltid av motoren dersom du skal justere klippehøgda undervegs.

Reingjer etter bruk

Grasklipparen held seg lenger dersom du reingjer han etter bruk. Trekk alltid ut leidningen eller ta av tennplugghetta før du byrjar. Du bør levere grasklipparen til ein erfaren serviceforhandlar ein gong i året for ein tryggleiks- og vedlikehaldsinspeksjon.

Uhell med hagereiskapar

I Sverige hamnar over 4500 menneske kvart år på akuttmottaket med skadar etter hagearbeid. Vi fører ikkje like nøyaktig statistikk for Noreg, men ulukker med hagereiskapar er utbreidde også her til lands. Halvparten av hageulukkene i vårt naboland kjem av feil bruk og uhell med ulike reiskapar.