Dersom heimen din blir ramma av flaum

Det kan vere både skremmande og trist å oppleve at hus og eigedom blir ramma av flaum. Når vatnet trekkjer seg tilbake, kan det dukke opp mange spørsmål. Her er nokre råd til deg som skal vende heim til ein bustad som har vore ramma av flaum.


Personskadar i samband med flaum blir behandla av helsepersonell på staden eller på sjukehus. Enkelte kan få psykiske reaksjonar i ettertid av sjølve hendinga. Dersom du er bekymra for eigen eller andre sin helsetilstand etter ein flaum, kan du kontakte fastlege eller legevakt.

Undersøk også kva tilbod kommunen har. Mange kommuner har til dømes tilbodet «rask psykisk helse». Du kan òg få hjelp frå kriseteamet i kommunen, der det finst. Ved ekstremvêrhendingar blir det ofte oppretta eit eige telefonnummer eller kontaktpunkt for dei som treng nokon å snakke med.

Sørg for at eigedomen er trygg

Det kan vere utrygt å opphalde seg i hus eller på eigedomar som har vore utsette for flaum. Viss grunnlaget for at huset vart fråflytta var at politiet påla å evakuere det, kan du ikkje flytte tilbake før politiet har oppheva evakueringa. Aldri gå inn på eit område som er sperra av – sjølv ikkje om det er din eigen eigedom.

Ta kontakt med forsikringsselskapet

Du bør kontakte forsikringsselskapet snarast mogleg etter ein flaum. Ta gjerne bilete av skadane dersom det er forsvarleg. Lag ei liste over øydelagde eigedelar, og ta vare på kvitteringar som ikkje er øydelagde av vatnet. Ver merksam på at huset/bygninga og innbuet ofte er på to ulike avtalar – enkelte gongar også i ulike selskap. Hugs i så fall å melde frå til begge. Forsikringsselskapet ditt vil rettleie deg vidare i prosessen.

Smittevern

Etter ein flaum, kan det vere risiko for smitte frå ureint vatn og jordmassar. Nokre enkle forholdsreglar kan beskytte dei som skal rydde opp. Når ein går inn i eit flaumramma område, kan det finnast openberre kjelder til smitterisiko – til dømes kloakk og avrenning frå møkkjellarar. Sjølv om det ikkje finst synlig forureining, eller ein ikkje kjenner lukt, kan det likevel vere smittestoff frå andre kjelder som ikkje er moglege å oppdage. Ein bør difor ta høgde for at alt som har vore i kontakt med flaumvatn, kan vere forureina.

På nettsidene til Folkehelseinstituttet finn du råd om smittevern ved opprydding etter flaum.

Reingjering og skade

Brannvesenet kan hjelpe til med å pumpe ut vatn som har samla seg i huset under ein flaum. Ved ei større hending vil det vere mykje rift om ressursane til brannvesenet. Det er då ikkje sikkert at du får hjelp like raskt som du skulle ønskje.

Det finst firma som leverer tenester og utstyr som gjer ryddejobben enklare, spesielt ved store vasskadar. Enkelte firma tilbyr òg reparasjon av dokument og verdisaker etter vasskadar. Andre selskap tilbyr reingjering med spesialutstyr som kan fjerne lukt og fukt.

Sikre staden

Med mindre politiet har sperra av eigedomen, er det ditt ansvar å passe på hus og eigedelar. Dette er spesielt viktig dersom du skal søkje om skadeerstatning frå forsikringsselskapet. Dersom du ikkje kan bli verande i bustaden, let du att og låser vindauge og dører dersom det er mogleg. Dører og vindauge som ikkje kan latast att på vanleg måte, kan dekkast med plater eller plankar som deretter blir spikra fast. Dersom det er trygt, kan du ta med deg verdisaker og andre eigedelar som ikkje er skadde.

Sjekk el-anlegget

Det elektriske anlegget i bustaden din kan vere kopla ut eller skadd som følgje av flaum. Før eit flaumskadd elektrisk anlegg kan takast i bruk att, må det kontrollerast av ein elektrikar. Dersom du kjem heim til ein flaumskada bustad der straumen framleis er på, bør du – under føresetnad av at du kan ta deg trygt fram til sikringsskapet – skru av kursar der utstyr eller stikkontaktar har vore utsette for vatn. Elektriske apparat som har vore utsette for vatn, må kasserast eller kontrollerast av ein fagperson før bruk.

Drikkevatn

Flaum kan skade vassrøyr i bakken slik at drikkevatnet forsvinn heilt eller blir forureina. I slike tilfelle vil kommunen informere om kva du skal gjere, til dømes dersom det er nødvendig å koke vatnet. Flaumvatn kan også gjere skade på vassrøyr inne i heimen. Dersom du veit eller ser at flaumvatnet har vore i kontakt med røyrsystemet i heimen, bør du vente med på skru på vatnet til ein røyrleggjar har gått over og stadfesta at systemet ikkje er skadd.

Ikkje drikk vatn frå brønnar som kan vere utsette for flaumvatn. Eventuelt rens brønnen og vurder å ta vassprøver før du drikk av vatnet. Vatnet bør kokast før bruk dersom ein er i tvil om vasskvaliteten. Sjå også Folkehelseinstituttets råd for små vassforsyningar.

Kor skal du bu?

Ved ekstremvêr og alvorlege flaumsituasjonar har kommunen ofte ei løysing for dei som må forlate heimane sine. Dersom bustaden din er så skada av flaumen at du ikkje kan bu der, undersøkjer du om du kan overnatte hos vennar eller slekt. Viss du er i ein naudssituasjon og ikkje har ein stad å bu, pliktar NAV å hjelpe deg med å finne mellombels husly innanfor kommunen. Du kan lese meir om mellombels butilbod ved naudssituasjonar på NAV.no.