Dette skjer når du trykker på SOS-knappen i bilen

Fleire og fleire bilar har ein SOS-knapp i bilen som er tilknytt eCall. eCall-systemet vil automatisk varsle naudetatane dersom bilen din hamnar i ei ulukke. Du kan også varsle manuelt ved å trykkje på knappen, men han skal berre brukast i ein reell naudsituasjon.


Dette er eCall

eCall er eit felles europeisk naudmeldingssystem for varsling av trafikkulukker. Dersom ein bil med eCall hamnar i ei trafikkulukke, så går det automatisk ei varsling til næraste 110-sentral. Det blir då oppretta eit talesamband mellom bilen og naudmeldesentralen, slik at personane i bilen kan snakke med operatøren i den andre enden.

Det blir også sendt eit datasett med opplysningar om køyretøyet til naudmeldesentralen, slik at dei til dømes raskt får vite nøyaktig kvar ulukka har skjedd. Operatørane ved 110-sentralen sørgjer for å varsle alle naudetatane etter behov.

eCall kan også utløysast manuelt ved at du trykkjer på SOS-knappen i bilen. Dette kan du gjere dersom du til dømes er vitne til ei trafikkulukke.

Ikkje trykk unødvendig

Mange trykkjer på SOS-knappen fordi dei lurer på kva som skjer, eller fordi dei ikkje veit at dei faktisk utløyser eit naudopprop til ein 110-sentral. Dermed får brannvesenet mange falske alarmar og bruker mykje ressursar på unødvendige utrykkingar.

DSB ber alle som har ein SOS-knapp i bilen, om berre å bruke denne dersom ein er i ein reell naudsituasjon. Sørg også for at barn og andre passasjerar veit korleis knappen skal brukast.