Slik gjer du bustaden ferieklar

Når kofferten er pakka og du snart er på veg ut døra, må du ikkje gløyme å førebu hus og hage på at du skal vere vekke.


Skal du vere borte frå bustaden ei stund, er det lurt med nokre enkle åtgjerder. Med desse enkle grepa er bustaden betre førebudd på vêr, vind og lynnedslag når du ikkje er heime:

Trekk ut støpselet

Om lag halvparten av alle bustadbrannar har elektrisk årsak. Gjer det til ein regel å trekkje ut leidningen på elektriske apparat før du reiser, så slepp du å lure på om du hugsa å skru av kaffitraktaren eller ikkje.

Lynvern

Dersom du trekkjer ut leidningen til alle elektriske apparat, unngår du at dei blir skadde av lynnedslag. Dersom du ikkje allereie har det, bør du installere eit overspenningsvern.

Med eit overspenningsvern vernar du det elektriske anlegget mot lynskadar.

Skru av panelomnar

Skru ned varmen på panelomnar, eller skru dei aller helst heilt av. Pass også på at ingen omnar er dekte til, og at gardiner eller anna ikkje kan komme borti omnen.

Rydd ute

Ta ein runde rundt huset og sjekk at takrenner, leveggar, hagemøblar, trampolinar og andre større gjenstandar ikkje er lause og kan bli tekne av vinden. Syt for opne takrenner og avløp ute, slik at sjølv store mengder regn blir leidde vekk frå huset ditt. Reins også sluka inne i huset.

Vi tror dette er interessant for deg