Kva gjer du når brannvesenet har reist?

Ein brann i heimen er traumatisk og skremmande for dei fleste. Når brannvesenet dreg, dukkar det i tillegg opp mange spørsmål rundt kva ein skal gjere vidare. Her er informasjon som kan vere nyttig for deg som har opplevd ein brann.


Personskadar i samband med brannar blir behandla av helsepersonell på staden eller på sjukehus. Nokre skadar, som til dømes sjokk, kan oppstå i etterkant av brannen. Dersom du er bekymra for eigen eller andre sin helsetilstand etter ein brann, ta kontakt med fastlege eller legevakt.

Utrygg eigedom

Det kan vere utrygt å opphalde seg i hus eller på eigedom som har brunne. Dersom politiet eller brannvesenet har informert deg om dette, sørg for å formidle dette vidare til andre som bør vite. Politiet kan også påleggje huseigar å gjere tiltak som forhindrar tredjepart å kome til skade. Etter ein brann vil politiet alltid prøve å finne årsaka. Nokre gonger er det nødvendig å sperre av eigedomen. Gå aldri inn på eit område som er sperra av.

Ta kontakt med forsikringa

Etter ein brann bør du ta kontakt med forsikringsselskapet ditt så snart som mogleg. Ta gjerne bilete av skadane dersom det er forsvarleg. Skriv ei liste over øydelagde eigedelar og ta vare på kvitteringar dersom dei ikkje er øydelagde i brannen. Ver merksam på at huset eller bygningen, og innbuet ofte er på to forskjellige avtalar – nokre gonger også i forskjellige selskap. Hugs i tilfelle å melde frå til begge. Forsikringsselskapet ditt vil rettleie deg vidare i prosessen.

Sikre brannstaden

Med mindre politiet har sperra av brannstaden, er det ditt ansvar å passe på hus og eigedelar. Dette er spesielt viktig dersom du skal søkje forsikringsselskapet om erstatning for skadar. Dersom du ikkje framleis kan bu i bustaden, lukk og lås vindauge og dører dersom det er mogleg. Dører og vindauge som ikkje kan lukkast på vanleg måte, kan dekkjast med plater eller plankar som du spikrar fast. Dersom det er trygt, ta med deg verdisaker og andre eigedelar som ikkje er skadde.

Sjekk utstyret før bruk

Straum og vatn kan vere slegne av som følgje av brannen. Før du tek det elektriske anlegget i bruk att, bør det kontrollerast av ein elektrikar. Ein røyrleggjar bør gå over røyrsystemet for å sikre at det ikkje er skadd av brannen, før du skrur på vatnet att.

Reingjering og skade

Brannvesenet kan hjelpe til med å pumpe ut vatn som har samla seg i huset under brannsløkkinga. Tørking og reingjering er ditt ansvar. Det finst også firma som leverer tenester og apparat som gjer denne jobben lettare, spesielt ved store vasskadar.

Flammar, røyk og vatn kan gjere store skadar, men mykje kan reddast med det rette utstyret. Det finst til dømes eigne firma som kan reparere dokument og verdisaker etter brann- eller vasskadar. Andre selskap tilbyr reingjering med spesialapparat som til dømes kan fjerne røyk og sot.

Som hovudregel bør du kvitte deg med mat og medisinar som kan ha vorte ureina i brannen. Elektriske apparat må som regel også kasserast dersom dei har vorte utsette for brann eller vatn.

Kvar skal du bu?

Er bustaden din så skadd av brann at du ikkje kan bu der, undersøk om du kan overnatte hos vener eller slektningar. Er dette ikkje mogleg og du er i ein naudsituasjon utan nokon stad å bu, har NAV plikt til å hjelpe deg med å finne mellombels husly innanfor kommunen. På NAV.no kan du lese meir om mellombels butilbod ved naudsituasjonar.