Naboinformasjon - lagring av eksplosiv og fyrverkeri

Her er informasjon om kva slags ulykker som kan oppstå, og kva du som nabo bør gjere dersom det skulle oppstå ein farleg situasjon eller ei ulykke ved eit eksplosiv- eller fyrverkerilager.


To typar verksemder

I fjellandet Noreg må det ofte sprengjast når det skal byggjast hus og vegar. Dette vil seie at vi også har mange verksemder som bruker og lagrar eksplosiv (sprengstoff). I tillegg har vi verksemder som lagrar store mengder fyrverkeri.

Verksemder som lagrar eksplosiv eller store mengder fyrverkeri er definerte som storulykkeverksemder. Desse må ha lagringsløyve frå DSB, og dei blir følgde opp jamleg. Av tryggleiksomsyn finst det ikkje ei offentleg samla oversikt over kvar slike eksplosivlager finst.

Strenge reglar

Regelverket for storulykkeverksemder er strengt. Når reglane blir følgde, blir det rekna som trygt å oppbevare eksplosiv og fyrverkeri. Storulykkeverksemder har likevel ei plikt til å informere naboar og andre som kan bli råka, dersom det oppstår ei alvorleg hending ved anlegget. Dette tyder at du som nabo skal få vite om kva slags ulykker som kan skje ved slike anlegg, korleis du vil få varsling og informasjon dersom ei ulykke skulle skje, og korleis du bør te deg.

Kva slags ulykker kan skje?

Eksplosiv er stoff som inneheld ei stor mengd energi. Fyrverkeri i seg sjølv inneheld små menger eksplosiv, men i samband med nyttårsaftan lagrar importørane store mengder fyrverkeri på enkelte lager. Når eksplosiva blir utsette for slag, støyt eller varme, kan denne energien frigjerast og skape ein eksplosjon. Utan ein slik ytre påverknad er eksplosiv og fyrverkeri normalt stabile. Sikker lagring handlar derfor om å beskytte eksplosiva frå ytre påverknad.

Ulykker kan likevel skje. Til dømes kan det byrje å brenne nær lageret som følgje av skogbrann, lynnedslag, teknisk svikt i utstyr og køyretøy eller aktlaus bruk av eld. Dersom brannen utviklar seg, kan denne føre til at eksplosiva detonerer. Trykkbølgjer og materiale som blir sprengt vekk, kan gje skadar på omgjevnadene.

Ved ein brann i eit fyrverkerilager vil det i tillegg til tjukk røyk vere mykje bråk, smell og fyrverkeri som går av. Også her vil det vere fare for at effektar og materiale blir kastast ut frå lagerområdet.

Ved ein brann kan det også utviklast nitrøse gassar, som er helsefarlege. Nitrøse gassar er lett attkjennelege fordi dei har raudbrun farge og stikkande lukt. Dersom du pustar inn nitrøse gassar, må du alltid kontakte lege. Komplikasjonar kan oppstå inntil 2 døgn etter at gassen er pusta inn.

Korleis blir naboar varsla?

Dersom det oppstår farlege situasjonar ved eller i eit eksplosivlager, vil naboar bli varsla på den mest føremålstenlege måten. Det er Politiet som leier innsatsarbeidet og som vil stå for varslinga av naboar.

Ved større uhell vil også informasjon bli sendt ut via lokalradio og på NRK. Avhengig av situasjonen, kan det bli naudsynt å utføre evakuering av einskilde bustader, til dømes på grunn av røyk eller eksplosjonsfare. Politiet vil leie eventuelle aksjonar, med støtte frå bedrifta og lokalt brannvesen.

Kva bør du som nabo gjere?

Dersom det oppstår ein farleg situasjon nær eit eksplosiv- eller fyrverkerilager, som til dømes ein skogbrann i området, bør du bevege deg vekk frå lageret. Beveg deg helst på tvers av vindretninga, så du unngår røyken frå brannen.

Hald deg innandørs med vindauge og dører lukka, dersom du ikkje får annan beskjed. Hald deg borte frå store glasflater i dører eller vindauge. Rett deg etter dei meldingane som blir gjevne, anten frå politiet eller andre som er involverte i handteringa av hendinga. Lytt til radio og søk etter tilgjengeleg informasjon på nettet.

Dersom du oppdagar ein brann eller ei anna hending du opplever som farleg, varsle brannvesenet på telefonnummer 110 eller politiet på telefonnummer 112. 

Meir informasjon

Er du uroa for eit lager med eksplosiv eller fyrverkeri i nabolaget ditt og ønskjer meir informasjon? Ta kontakt med lokalt brannvesen eller politi. Dei kan fortelje deg meir om korleis du blir varsla ved ei eventuell ulykke, og kva slags beredskap offentlege styresmakter har.

Dersom du ønskjer informasjon om tilsyn ved anlegget, kan du kontakte DSB på e-post: postmottak@dsb.no, eller telefon 33 41 25 00.

Brann ved eksplosivlager – dette gjer du

  • Er du inne, hald deg innandørs. Lukk vindauge og lufteventilar.
  • Er du utandørs, beveg deg raskast mogleg vekk. Unngå røyk.
  • Bevar roa. Panikk hjelper ingen.
  • Hald god avstand frå anleggsområdet og følg alltid instruksar frå politi eller redningsteneste.
  • Søk informasjon