Branntryggleik på reise

Ikkje alle land har like strenge regler for branntryggleik. Her er nokre råd til korleis du kan sikre deg og dine på reise.


I Noreg og andre nordiske land gjeld strenge regler for branntryggleik. EU har også regelverk som skal vareta branntryggleiken på overnattingsstadar og utestadar. Det er likevel ikkje dermed sagt at alle innfrir desse krava.

I andre verdsdelar kan det vere land som ikkje har eit godt regelverk for brann, og som har ein heilt annan tryggleikskultur enn det vi er vande med. Her er nokre råd til korleis du kan sikre deg og dine på reise:

På overnattingsstaden

  • Ta med en røykvarslar som du plasserer så høgt som mogleg i rommet, t.d. på ei hylle. Det finst også reiserøykvarslarar med feste.
  • Set deg inn i rømingsplanar og branninstruksen. Dersom du ikkje finn denne informasjonen, spør du i resepsjonen.
  • Gjer deg kjend med og test gjerne den alternative rømingsvegen (ikkje den vegen du kom inn).
  • Dersom du reiser med barn, avklarar de kva de skal gjere dersom det oppstår brann. Avtal også ein oppmøtestad i nærleiken i tilfelle de skulle kome vekk frå kvarandre.
  • Sei frå i resepsjonen dersom du finn blokkerte rømingsvegar eller andre ting som kan utgjere ein risiko.
  • Finn ut kor sløkkjeutstyr er plassert.
  • Les omtalar frå andre gjestar før du bestiller.
  • Vurder å byte overnattingsstad viss du føler at det ikkje er trygt der du bur.

Ved brann

  • Følg branninstruksen til hotellet og instruksjonane du får frå personalet.
  • Dersom rømingsvegane er blokkerte av røyk eller brann, må du vurdere om det er tryggast å bli på hotellrommet til redningspersonell er på plass. Gi deg til kjenne via vindauge eller balkong.
  • Pass på at du ikkje utset deg sjølv for fare dersom du vil prøve å sløkkje ein brann med manuelt sløkkjeutstyr.

Uteliv generelt

  • Ikkje gå inn i overfylte nattklubbar, diskotek og andre forsamlingslokale.
  • Forlat lokalet dersom du opplever at folketrengselen blir så stor at det er vanskeleg å ta seg fram.
  • Ver på vakt dersom det blir brukt open flamme eller fyrverkeri/pyrotekniske effektar innandørs.
  • Sjekk at lokalet har gode rømingsvegar viss ein naudssituasjon skulle oppstå.
  • Hald deg alltid orientert om nærmaste utgang.