Trygg bruk av gassomnar

Flyttbare gassomnar kan vere ei god alternativ varmekjelde, men dei må brukast rett. Her er nokre viktige tommelfingerreglar for trygg bruk av flyttbare gassomnar.


Hugs god lufting 

Flyttbare gassomnar produserer varme ved å forbrenner propan og oksygen frå lufta rundt. Det blir då produsert karbondioksid (CO2) og vassdamp. Ettersom flyttbare gassomnar ikkje har avtrekk ut til friluft, vil karbondioksidet bli att inne og gjere lufta gradvis dårlegare. Viss du skal bruke ein flyttbar gassomn, må du difor sørgje for god ventilasjon, slik at den dårlege lufta blir bytt ut. Bruk heller aldri slike omnar i små rom eller over lang tid.  

Pass på kolos 

Dersom gassomnen ikkje brenn slik han skal, kan det oppstå kolos, som i sin tur kan gi kolosforgifting. Dette kan skje ved feil på utstyret eller dersom gassomnen blir brukt feil. Dersom gassomnen fungerer slik han skal og blir brukt rett, er ikkje denne faren stor.  

Sørg for tryggleiksfunksjonar 

Flyttbare gassomnar skal ha tryggleiksfunksjonar. Det mest vanlege er at slike apparat har ei veltesikring og ei sikring som slår av gassen viss CO2-nivået eller kolosnivået blir for høgt. Ver merksam på at andre apparat som ikkje er meint å skulle nyttast til oppvarming innandørs, normalt sett ikkje har slike tryggleiksfunksjonar. Dette gjeld til dømes gassbluss, primusar og terrassevarmarar. 

Unngå brann 

Flyttbare gassomnar er særs effektive og produserer mykje varme. Pass difor på at det er god avstand til brennbare materiale, slik at det ikkje tek fyr. 

Set deg inn i produktet 

Les alltid brukarrettleiinga og tryggleiksinstruksane frå produsenten. Du må vere heilt sikker på at den flyttbare gassomnen er eigna for bruk innandørs. 

Viktig om bruk av flyttbare gassomnar:

  • Les og følg brukarrettleiinga og tryggleiksinstruksane frå produsenten.
  • Sørg for god ventilasjon og ikkje bruk omnen i små rom.
  • Ha god avstand til veggar, møblar, gardiner og anna brennbart materiale.
  • Bruk omnen berre under tilsyn.