Kontroll av gassflasker

Verksemder som fyller gassflasker, skal kontrollere og merkje gassflasker før dei blir selde til deg som forbrukar. Nedanfor ser du kva du kan forvente av fyllestaden, og korleis du kan sjå om propanflaska di er godkjend.


Krav til kompetanse

Det er ikkje kven som helst som kan fylle på og selje gassflasker. Jobben krev nødvendig kompetanse og må gjerast ved anlegg som er laga for fylling av propanflasker. Sjølvbetening er ikkje tillate. Det er strenge krav til kva som skal kontrollerast før og etter kvar påfylling. Etter fylling skal flaskene merkjast på riktig vis. I tillegg kjem krav til periodisk kontroll, som er ein endå grundigare kontroll av tilstanden til flaska. Alle desse krava er til for at du som forbrukar skal kunne handle og bruke gass på ein trygg måte.

Riktig merking

Gassflasker med propan skal vere merkte med namn på verksemda som har fylt flaska og at flaska er kontrollert før fylling. Denne merkinga skal tole normal slitasje.

Propanflaska skal også vere merkt med dato for neste periodiske kontroll. Periodisk kontroll blir utført av utpeikt kontrollorgan og er ein grundig gjennomgang av tilstanden til flaska for å sjekke at ho er sikker å bruke i ein ny periode. Periodisk kontroll kjem i tillegg til den vanlege kontrollen som skal gjerast før og etter fylling. Dersom ei flaske ikkje er merkt med tidspunkt for neste periodiske kontroll, skal personalet ved fylleanlegget kunne svare på når flaska skal til ein slik kontroll. Alle nye gassflasker skal i tillegg vere merkte med symbolet π. Dette symbolet er ei stadfesting frå produsenten på at flaska følgjer europeiske reglar og fritt kan seljast innanfor EØS.

Fylling av gassflasker 

Det er ikkje lov å fylle flasker som er skadde, defekte, eller som har forfalle til periodisk kontroll. Alle stålflasker og dei fleste komposittflasker på den norske marknaden skal gå gjennom periodisk kontroll kvart 10. år. Det kan likevel vere komposittflasker på marknaden med kortare intervall for periodisk kontroll enn 10 år.

Flaskene skal vere merkte med tidspunkt for neste periodiske kontroll. DSB er likevel kjent med at mange av flaskene på den norske marknaden berre er merkte med tidspunkt for førre periodiske kontroll. For flasker som er merkte med tidspunkt for førre periodiske kontroll, kan forbrukaren i dei fleste tilfelle rekne med at neste periodiske kontroll skal utførast ti år etter tidspunktet for siste utførte kontroll.

Verksemdene som fyller flaskene, har ansvar for å passe på at det ikkje blir fylt på flasker som er forfalle til periodisk kontroll. Før fylling skal det også kontrollerast at påfyllingsventil, tryggleiksventil og pakning er intakt. Når flaska er fylt, skal det kontrollerast at flaska ikkje er overfylt, at ho ikkje lek og at ho har nødvendig merking og identifikasjon.

Levere inn gassflasker

Verksemder som fyller eller sel gassflasker med propan, har plikt til å ta imot flasker frå forbrukarar som ikkje kan fyllast, eller som du av andre grunnar ønskjer å levere frå deg. Dette inneber at desse verksemdene også pliktar å ta imot flasker som har forfalle til periodisk kontroll.

Forbrukarar skal ikkje betale for å levere frå seg flaska. Verksemdene har inga plikt til å erstatte flasker som ikkje kan fyllast. Det vil seie at om du har ei flaske som har forfalle til periodisk kontroll, kan du ikkje med heimel i regelverket krevje å få ei ny flaske kostnadsfritt tilbake. 

Ved fylling av propanflasker skal verksemda

  • undersøkje flasken for skadar
  • sørgje for at påfyllingsventil, tryggleiksventil og pakning er intakt
  • sjekke at flaskene ikkje har forfalle til periodisk kontroll
  • merkje flaskene slik at dei kan sporast tilbake til fyllestaden
  • sjå til at flaska ikkje er overfylt
  • sjekke at flaska ikkje lek
  • kontrollere at flaska har påkravd merking

 

Vi tror dette er interessant for deg