Slik unngår du pipebrann

Fyrer du med fuktig ved, så dannar det seg beksot i pipa. Dette kan gje pipebrann. Her får du tips til riktig fyring.


Sørg for god lufting

God forbrenning krev mykje luft. Ha alle trekkventilane opne når du tenner i peisen. Når det er god varme i omnen, kan du skru ned for trekken til det brenn med rolege flammar.

Ikkje for mykje eller fuktig ved

Dersom du fyller omnen med ved og fyrer med lite trekk, dannar det seg beksot i skorsteinen. Det same skjer dersom du fyrer med fuktig ved. Beksot og tjøre som samlar seg i pipa tek etter kvart fyr. Det kan skje etter berre nokre få månader med feil fyring.    Sjekk bruksrettleiinga eller kontakt leverandøren dersom du lurer på korleis peisen din fungerer.

Hald pipa i orden

Det er ditt ansvar å sørgje for å halde skorsteinar og eldstader i orden. Sjå etter sprekkar og teikn på at pipa kan vere øydelagd. Dersom du er usikker, ta kontakt med brann- og feiarvesenet i kommunen der du bur.

Slik fyrer du riktig:

  1. Bruk tørr ved og god trekk til det har vorte skikkeleg fyr.
  2. Reguler trekken slik at det brenn med rolege flammar.
  3. Legg på litt og litt ved for å fyre jamt.
  4. Bruk aldri tennvæske, bensin eller andre brennbare væsker i peisen eller omnen.

Når kjem feiaren?

Dersom du betaler feiaravgift til kommunen der du bur, har du krav på at pipa di blir feia etter behov. Feiaren skal også kome heim til deg og kontrollere piper og eldstader ved behov.

Vi tror dette er interessant for deg