Unngå brann i elektriske apparat

40% av alle bustadbrannar har rot i det elektriske. Om du følgjer desse enkle hugsereglane minskar du risikoen for brann i elektriske apparat.


Unngå bruk av skøyteleidning

Ein tommelfingerregel er at apparat som brukar over 1000 watt ikkje skal koplast til med skøyteleidning over lang tid. Apparat som brukar mykje straum krev leidningar som er tilpassa «mengda» straum som skal passere. Om du koplar desse til via skøyteleidning, kan du risikere at dimensjonane ikkje er kraftige nok. Dette kan igjen føre til brann. Panelomnar, flyttberre oljeomnar, tørketromlar og vaskemaskinar er døme på apparat som aldri skal vere på skøyteleidning.

Vask eller tørk på dagtid

Vaskemaskin og tørketrommel er ofte involvert i brann. Bruk berre desse apparata medan du er heime, og aldri når du søv. Hugs å reinse lofilteret i tørketrommelen etter bruk.

Ikkje lag brann til nattmat

Komfyren er den absolutte verstingen i statistikken. Kvar tiande dødsbrann startar på komfyren fordi folk gløymer eller sovnar frå matlaginga. Desse brannane skjer ofte på nattetid. Hugs difor at det er tryggare å ete ute enn å lage mat på komfyren heime om du er svolten, trøytt og full.

Slik unngår du brann i elektriske apparat:

  • Ikkje bruk skøyteleidning på apparat over 1000 watt.
  • Vaskemaskin, tørketrommel og oppvaskmaskin skal berre brukast medan du er heime og ikkje medan du søv.
  • Tøm lofilteret i tørketrommelen etter kvar bruk.
  • Ikkje bruk komfyren når du er full eller trøytt.
  • Ikkje bruk pc i senga.
  • Ikkje lad mobilen eller pc’en om natta.
  • Pass på at panelomnar og andre elektriske varmeomnar ikkje blir dekte til med klede eller at møblar står for nære.
  • Installer røykvarslar i nærleiken av vaskemaskin, oppvaskmaskin og i rom med komfyr.

Elektriske apparat i boligbrann 2009-2012

 

Vi tror dette er interessant for deg