Vel trygge kostyme

Kostyme til barn under 14 år er rekna som leiketøy og skal vere CE-merkte. Vel kostyme som sit tettare på kroppen framfor tynne, luftige plagg som lett kan ta fyr.


Pass på levande lys

Levande lys og lykter høyrer festlege markeringar til. Set lys og lykter i god avstand frå der barn skal gå og leike. Hugs at vide skjørt, lange skjerf og flagrande kapper lett tek fyr og brenn godt, dersom dei kjem i kontakt med open flamme. Det tryggaste er derfor å erstatte stearinlys / open flamme med LED-lys. 

Vel kostyme og drakter som sit tettare på kroppen. Då er det ikkje like fort gjort å kome borti eld ved eit uhell. Kroppsnære stoff brenn heller ikkje like godt, sidan det er mindre luft tilgjengeleg.

Sjekk materiala

Mange kostyme er laga av kunstige stoff, til dømes nylon eller polyester. Når polyester og nylon tek fyr, brenn dei saktare enn bomull og sløkker ofte av seg sjølv. Likevel kan brannskadane bli djupare, fordi stoffet smeltar og brenn seg fast i huda. 

Reine bomullsstoff tek lett fyr og brenn godt. Til tynnare og luftigare stoffet er, dess lettare brenn det.

Dersom uhellet er ute, kan det vere greitt å vite korleis du sløkkjer brann i klede.

Sjå etter CE-merket

Kostyme for barn er rekna som leiketøy og skal vere CE-merkte. Eit generelt krav til leiketøy er også at alle åtvaringar som gjeld produktet, skal vere klart synlege, lett leselege, lett forståelege og presise.

Ei åtvaring skal innleiast med ordet "åtvaring/åtvaringar", og både åtvaringar og tryggleiksinstruksar skal skrivast på norsk. Dersom kostymet har pynt eller delar som kan falle av og vere farlege for små barn, skal produktet i tillegg merkjast med "Forbode for barn 0–3 år". 

Dersom du opplever at eit barnekostyme er eller kan vere farleg for barn, vil vi gjerne at du melder frå til oss. I databasen Farlige produkter kan du også sjå kva produkt som har vorte registrerte som farlege eller potensielt farlege.

Vi tror dette er interessant for deg