Køyr trygt i alpinbakken

Bruk hjelm og ryggskinne, hald deg i løypa og følg alpinvettreglane - så aukar du tryggleiken både for deg sjølv og andre.


Beskytt hovud og rygg

Bruk CE-merka verneutstyr som hjelm, ryggskinne og alpinbrille når du står på ski. Da beskyttar du dei mest utsette delane av kroppen.

Hald deg i løypa

Ikkje køyr utanfor preparerte løyper eller andre tilrettelagde område. Utanfor løypa er snøen ofte laus, og han gjev dårleg vern mot steinar, stubbar og anna som kan skjule seg under snøen. 

Alpinanlegga har ansvar for tydeleg merking og sikring av løypene – følgjer du tilvisingane frå anlegget, så bidreg du til å unngå skadar og farlege situasjonar.

Følg alpinvettreglane

Les og følg alpinvettreglane for å bidra til å unngå ulukker i skibakken.

 

Vi tror dette er interessant for deg