Dette bør du vite om kinesiske lykter

Ver forsiktig med skylanterner og svevande kinesiske lykter. Dette er i praksis flygande bål som kan gjere stor skade.


Svært brannfarleg

Den største risikoen ved svevande lykter, er faren for brann. I prinsippet sender du av garde eit lite bål og du har ingen kontroll på kvar skylanterna tek vegen eller landar.

Lanternene flyg i opptil 800 meters høgd, brenn i 20–40 minutt og kan flyge mange kilometer av garde. Dersom ei lanterne ramlar ned medan ho framleis brenn, kan ho starte brannar både i hus og vegetasjon.

Trur det er naudbluss

Kinesiske lykter kan lett forvekslast med naudbluss. Dette gjev mange falske alarmar til redningsmannskap, og unødvendige utrykkingar.

Lyktene flyg høgt og kan også forstyrre flytrafikken. Når lyktene brenn ut og ramlar ned, blir dei liggjande som søppel i naturen. Dyr kan også skade seg på stål- eller bambusstengene og papiret som lampene er laga av.

Ikkje forbod mot kinesiske lykter

I Noreg har vi ikkje eit generelt forbod mot kjøp, sal og bruk av kinesiske lykter. Alle har likevel ei plikt til å vise alminneleg aktsemd og opptre på ein måte som gjer at ein førebyggjer brann. Kinesiske lykter er flygande bål du ikkje kan kontrollere, så ver veldig varsam dersom du skal bruke desse.

Fleire land, til dømes Austerrike og Australia, har totalforbod mot kinesiske lykter. Enkelte statar i USA har også lagt ned forbod mot produktet.

Dette er ei skylanterne:

  • Lanternene har ein enkel konstruksjon med stål- eller bambusramme dekt med rispapir eller anna papirliknande materiale.
  • Under ballongen sit ei tennplate, som sørgjer for at ballongen fyller seg med luft, slik at han svever som ein varmluftsballong.
  • Skylanterner kan flyge i høgder opp til 600–800 meter, brenne i 20–40 minutt og dei har ei rekkjevidde på mange kilometer.

Vi tror dette er interessant for deg