Bilde av rødspritapparat
Foto: Johner

Unngå ulukker med raudsprit

Raudsprit blir blant anna brukt til å fyre opp stormkjøkken. Med nokre enkle åtgjerder er ikkje risikoen for ulukker så stor.


Følg med

Raudsprit er ei svært brannfarleg væske. Feil bruk har ført til ulukker og stygge brannskader. Ver alltid til stades når eit raudspritapparat er i bruk. Sørg også for at stormkjøkkenet eller apparatet står på eit flatt underlag slik at det ikkje blir søl.

Fyll på riktig

Ein vanleg feil er å fylle på raudsprit medan det framleis brenn. Då oppstår det ein eksplosjonsarta brann. Ver derfor heilt sikker på at flammen er sløkt før du etterfyller raudsprit på eit apparat som er eller nettopp har vore i bruk. Ikkje fyll brennaren meir enn trekvart full.

Sløkk med loket

Flammen skal sløkkjast ved å leggje på eller vri på loket. Ikkje forsøk å blåse ut flammen – då kan du blåse brennande væske på menneske eller ting i nærleiken.

Oppbevaring

Raudsprit og andre brennbare væsker skal oppbevarast i tett og tydeleg merkt emballasje. Du kan ikkje oppbevare meir enn 10 liter heime.

Vi tror dette er interessant for deg