Bruk biopeisen riktig

Om du fyller bioetanol på ein peis eller lampe som brenn, kan det bli ein eksplosjonsarta brann. Du må difor vere heilt sikker på at flammen er sløkt før du fyller på bioetanol.


Vær varsam ved fylling

Dei siste åra er det registrert mange ulukker og nestenulukker med bioetanolpeisar. Dei fleste ulykker skjer på grunn av feil påfylling. Bioetanol brenn med ein svak, blå flamme som kan vere vanskeleg å oppdage.

Sjå kva som kan skje dersom du fyller bioetanol på ein brennande peis (lenke til NRK Forbrukerinspektørene).

Sjå etter bruksrettleiing

Bioetanolpeisar, bordpeisar og liknande er i sal både i butikkar og på nett. Det er to prinsipielle skilnader på dei ulike produkta sjølv om det ikkje er ulike krav: Nokon monterast på vegg, andre på golv.

Du bør velje ein biopeis som er testa (sjekk i bruksrettleiinga). Om produktet manglar bruksrettleiing eller om rettleiinga ikkje finst på norsk, bør du ikkje kjøpe produktet.

Dette kan du gjere for å unngå ei ulukke

  • Ikkje fyll på ny bioetanol når peisen er i bruk eller varm.
  • Ved søling, sørg for å tørke skikkeleg opp, også der det ikkje er synleg.
  • Plasser omnen slik at den ikkje kan velte.
  • Ikkje flytt på peisen når den er i bruk.
  • Hald kjæledyr og born på god avstand.
  • Ver merksam på at stearinlys eller andre tennkjelder i nærleiken kan tenne bioetanolen.
  • Sørg for god lufting i rom der bioetanol brenn, men ikkje la peisen stå i trekk.
  • Oppbevar ikkje meir enn 10 liter bioetanol innandørs.
  • Les og ta vare på bruksrettleiinga.

Vi tror dette er interessant for deg