Bilde av hender som holder stjerneskudd
Foto: Johner

Før du kjøper fyrverkeri

Visste du at det er 18-årsgrense for kjøp og bruk av fyrverkeri, og at det er ulovleg å ta med seg fyrverkeri frå utlandet?


Følg aldersgrensa

Aldersgrensa for å kjøpe og bruke fyrverkeri er 18 år. For små stjerneskot er aldergrensa 12 år. Born må aldri bruke stjerneskot utan at vaksne passar på. Sjekk alltid merkinga på produkta og følg aldergrensa som står der.

Kjøp trygt

Det er berre butikkar og forhandlarar med løyve frå brannvesenet som har lov til å selje fyrverkeri. Sal av fyrverkeri til forbrukar kan berre skje over disk i tidsrommet 27. til 31. desember. Det er ikkje lov å selje fyrkerkeri inne i kjøpesenter eller i bygg der nokon bur.

Er du i tvil om alt er i orden der du skal handle, bør du krevje å få sjå handelsløyvet. Privatpersonar har ikkje lov til å bestille eller ta med fyrverkeri frå utlandet. Gjer du det, kan du bli straffeforfølgt.

Ulovleg fyrverkeri

Privatpersonar har ikkje lov til å bruke pinnerakettar. Det er heller ikkje lov til å selje pinnerakettar til privatpersonar. Fyrverkeri som liknar på leiker, til dømes små tanks, er også forbode å selje og skal ikkje finnast på utsalsstadene. Kinaputtar er også forbode.

Nødbluss til nød

Nødrakettar og nødbluss skal berre nyttas i nødssituasjonar. Det er ikkje lov å sende opp nødrakettar i samband med nyttårsfeiringa.

Vi tror dette er interessant for deg