Kva gjer du viss du finn eksplosiv?

Dersom du finn eksplosiv, ikkje rør – ring politiet.


Ein må ha løyve for å oppbevare eksplosiv. Likevel finst det ulovleg lagra eksplosiv i naturen, eller i låvar, skjul og skur rundt om i landet. Slike eksplosiv kan vere svært farlege for born og andre som kjem i kontakt med dei.

Kontakt politiet

Dersom du oppdagar eksplosiv: Ikkje rør, men ta kontakt med politiet på 112. Sørg for at ingen kjem i nærleiken av eksplosiva før politiet kjem fram og kan ta over.

Aldri frakt sjølv

Du må aldri frakte eksplosiv på eiga hand. Viss ein granat eller gamal dynamitt går av, kan eksplosjonen vere dødeleg.

Dersom du oppdagar eksplosiv:

  1. Ikkje rør
  2. Trekk deg unna
  3. Ring politiet på 112