Mann som reparerer tak
Foto: Johner

Slik førebur du deg på storm

Følg desse råda for å unngå at hus og hage blir skadd unødvendig av storm.


Sikre eller rydd vekk ting

Store gjenstandar som blir kasta rundt av vinden, kan gjere stor skade. Ved stormvarsel bør du derfor sikre eller rydde inn store gjenstandar, som til dømes hagemøblar, trampolinar og partytelt. Set leiker, blomsterpotter og mindre gjenstandar innandørs.

Sjekk tak og vegger

Har du takstein eller plater på taket, sørg for at desse sit godt fast. Sjekk også at takrenner, TV-antenner og anna på veggane til huset ikkje kan lausne. Presenningar over vedstablar, båtar og anna bør strammast til og festast godt, så vinden ikkje får tak under.

Lei vatnet vekk

Seier vêrvarslet at det også er venta store mengder vatn, bør du også sørgje for at vatnet renn vekk frå huset. Sjå etter at lauv og anna ikkje tettar takrenner, avløp og sluk.

Når stormen kjem, bør du halde deg innandørs og lukke vindauge og dører godt til.

Førebu hus og hage på storm:

  • Rydd hagen; sikre store gjenstandar, flytt mindre gjenstandar inn.
  • Sjekk taket for laus takstein og lause plater.
  • Sørg for at takrenner, antenner og presenningar er godt festa.
  • Lukk vindauge og dører godt til.

Ikkje ta på straumleidningar

Det er ikkje uvanleg at ein finn straumleidningar liggande på bakken etter eit kraftig uvêr. Om du oppdagar desse, meld frå til det lokale nettselskapet. Hald god avstand og ta ikkje på straumleidningane, det kan være farleg.