Bilde av røykvarsler
Foto: Colourbox

Sjekk røykvarslaren

Halvparten av alle dødsbrannar skjer i bustader utan røykvarslar som virkar. Sjå til at røykvarslarane fungerer i bustaden din.


Alle bustader og fritidsbustader i Noreg skal ha minst ein røykvarslar i kvar etasje. Batteriet i røykvarslaren må ein bytte kvart år, og du bør teste at varslaren fungerer kvar månad.

Test kvar månad

Alle røykvarslarar bør ein teste med jamne mellomrom, helst ein gong i månaden. Test røykvarslaren ved å halde ”test-knappen” inne nokre sekund. Røykvarslaren skal då byrje å pipe. Om den ikkje gjer det må du bytte batteri og gjenta testen, eventuelt kjøpe ny varslar.

Bytt batteri kvart år

Du bør bytte batteri i røykvarslaren minst ein gong i året. Gjer det gjerne til ein hugseregel å bytte batteri den 1. desember, som er røykvarslardagen.

Om røykvarslaren gjev frå seg korte pip, vil det seie at batteriet byrjar å bli dårleg. Då må du bytte batteriet med ein gong. Etter at du har bytta batteri, sjekk at det fungerer ved å trykkje på testknappen. Om røykvarslaren har nytt batteri og ikkje reagerer, er batteriet defekt og du må bytte det med ein gong.

Levetid på røykvarslarar

Ein røykvarslar bør ein normalt bytte ut etter åtte til ti år. I rom med mykje støv og skitt kan detektoren bli ustabil, og gje falske alarmar fordi  sensoren blir skitten eller støvete. I slike miljø vil levetida til røykvarslaren vere kortare.

 

Vi tror dette er interessant for deg